Næringsministeren til Førde
Pressemelding | Dato: 25.01.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Onsdag 26. januar besøker næringsminister Jan Christian Vestre to spennande miljø i Førde, Campus Verftet og Peak Sunnfjord, der møter han mellom anna gründerar og utdanningsinstitusjonar.
– Vi står overfor eit avgjerande tiår, og eg har høge ambisjonar for norsk næringsliv. Klimagassutslepp skal kuttast med begge hender og nye innovative arbeidsplassar skal skapast. Vi skal rett og slett bygge landet for ei ny tid . Innspela frå folk i Førde er viktig i dette arbeidet, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Program:
16:20 – 17:10:
Næringsministeren møter mellom anna representantar frå Fagskulen Vestland, Høgskulen på Vestlandet, og forskingsinstituttet Vestlandsforsking. På agendaen er robotar, stordata, kompetanseutvikling, næringsutvikling i distriktet med meir.
Stad: Campus Verftet.
17:20 – 18:25:
Næringsministeren møter deretter tiltaksapparatet Sunnfjord Utvikling, kontorfellesskapet Peak, helseføretaket Helse Førde, helseteknologiselskapet Norse Feedback, straumselskapet Tibber og Innovasjon Norge.
Stad: Peak Sunnfjord.
Kontakt:
Presse som vil dekke programmet til statsråden kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Tore Becker (40 49 79 16) eller på Tore.Becker@nfd.dep.no