Nasjonal Inn på tunet-konferanse
Nyheit | Dato: 24.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
11. til 12. februar arrangerer Rogaland fylkeskommune i lag med Inn på tunet Norge, Norges Bondelag og Statsforvaltaren i Rogaland ein nasjonal Inn på tunet-konferanse.
Temaet for den fyrste dagen er born og unge. På programmet står mellom anna psykisk helse blant unge og meistring i skulen. På dag to dreier seg om demensomsorg. Temaa varierer frå demensomsorg på gard til helsefremjande arbeid for personar med demens. Etter lunsj, er programmet særskilt retta mot næringa.
Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk rundt om i Noreg. Tenestene skal føra til meistring, utvikling og trivnad. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytte opp til garden, livet og arbeidet der. Målsetnaden er at Inn på tunet skal bli ein naturleg del av tenestetilbodet i kommunane.
- Les meir om den nasjonale Inn på tunet-konferansen hjå Statsforvaltaren i RogalandProgram for nasjonal Inn på tunet-konferanse 11. - 12. februar 2025 er klart | Statsforvaltaren i Rogaland