Utval vil stramma inn praksis med nattarbeid i varehandelen

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna har fått rapporten frå utvalet for styrkt vern mot natt- og åleinearbeid for arbeidstakarar i varehandelen. Utvalet meiner arbeidsgivarar må gjera strengare vurderingar av behovet for nattarbeid, og ser med bekymring på utviklinga i netthandel.

– Alle arbeidstakarar har rett til eit godt vern, same når på døgnet dei jobbar. Varehandelen er ei stor næring, med arbeidsplassar over heile landet. Me veit at nattarbeid inneber særleg risiko, og næringa er også i utvikling. Derfor er det viktig at vi får oppdatert kunnskap og tilrådingar, seier arbeids og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Nattarbeid er i dag berre lovleg  dersom arten til arbeidet gjer det nødvendig. Målet med arbeidstidsbestemmelsene er å sikra at arbeidstakarane ikkje blir utsett for belastingar som kan skade helsa deira eller er til belasting på andre måtar.

På bakgrunn av vedtak i Stortinget vart utvalet sett ned i 2023. Utvalet har bestått av partane i arbeidslivet og enkelte uavhengige representantar. 

Dei har kartlagt omfanget av og innhaldet i natt- og åleinearbeid i varehandelen, og vurdert behovet for endring i regelverk eller andre tiltak for å sikre vernet til arbeidstakarane.

– Det er verdifullt at partane i næringa gjennom arbeidet i utvalet bidreg til auka merksemd om arbeidsmiljø og arbeidsforhold for alle som jobbar i butikkar og på andre utsalsstader, seier Brenna.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna mottok rapport frå utvalet for styrkt vern mot natt- og åleinearbeid for arbeidstakarar i varehandeln. Her på bilete saman med utvalsleiar Ingrid Finnboe Svendsen.
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna mottok rapport frå utvalet for styrkt vern mot natt- og åleinearbeid for arbeidstakarar i varehandeln. Her på bilete saman med utvalsleiar Ingrid Finnboe Svendsen. Foto: Simen Gald

Utvalet ønske strengare praksis og fleire tilsyn

Ein firedel i varehandelen utfører nattarbeid, og det har vorte meir bruk av nattarbeid, som etter definisjonen i arbeidsmiljølova er tidsrommet kl. 21.00 til 06.00. I  daglegvarebutikkar finn  nattarbeid stad i timane fram mot midnatt, medan det skjer heile natta i  butikkar, kioskar og energistasjonar som er døgnopne. I butikkane som er opne heile døgnet er ofte arbeidstakarar åleine på jobb.

Nokre av tilrådingane og vurderingane frå utvalet:

  • Utvalet konkluderer med at det er behov for ein strengare praksis knytt til bruken av nattarbeid i varehandelen, ved at det av arbeidsgjevaren må vurderast konkret om slikt arbeid er nødvendig.
  • Utvalet er bekymra for utviklinga innan netthandel med stort omfang av nattarbeid. Det ser behov for meir kunnskap om arbeidsorganisering, bruken av nattarbeid og søndagsarbeid i verksemder som blir baserte på netthandel.
  • Utvalet tilrår at Arbeidstilsynet blir styrkt, og gjennomfører fleire tilsyn i varehandelen. I tilsyna må det rettast særleg merksemd mot åleinearbeid om natta.
  • Dessutan foreslår utvalet at arbeidsgivar si plikt til å tilby helsekontrollar til arbeidstakarar må utvidast til også å gjelda deltidstilsette som i hovudsak arbeider om natta
  • Det må gjerast tydeleg i lovføresegna om rett til fritak frå nattarbeid at denne også gjeld situasjonar med omsorg for barn med nedsett funksjonsevne, sjuke personar i nær familie og ved graviditet.

Rapporten vil bli send på høyring.

Utvalets medlemmer:

Ingrid Finboe Svendsen, direktør for Thomas Angells Stiftelser (leiar)
Christopher Ray Beckham, forbundsleiar HK Norge
Trond Vegard Sæle, første nestleiar Negotia
Sigbjørn Mygland, direktør forhandling og tariff NHO Service og Handel
Astrid Flesland, leier tariff, Hovedorganisasjonen Virke
Martine Pedersen, spesialist i arbeidsmedisin, Statens arbeidsmiljøinstitutt

Sekretariatet for utvalet har vore lagt til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Barne- og familiedepartementet har også bidrege i arbeidet.