Nesten ein halv milliard ekstra til klima og konflikt

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Med den ekstraordinære situasjonen i verda har regjeringspartia og SV blitt samde om å auke bistandsbudsjettet med 458 millionar kroner til for inneverande år. Klima og konflikt er prioritert.

Regjeringa har blitt samde med SV om å auke bistandsbudsjettet for 2023 med nesten ein halv milliard kroner. Det gir eit bistandsbudsjett i år på 58,9 milliardar kroner som svarer litt til over 1 prosent av anslaget for bruttonasjonalinntekt. Pengane skal først og fremst gå til klima og nødhjelp. 

Dei humanitære behova i verda er rekordstore og gapet mellom humanitære behov og tilgjengelege midlar har aldri vore større. I skuggen av både Ukraina-krigen og krigen mellom Hamas og Israel, er det enorme humanitære kriser andre stader i verda. Regjeringa og SV har derfor blitt samde om å auke den humanitære hjelpa til Sudan og Somalia med 25 millionar kroner til kvar. I tillegg blir løyvinga auka til Kunnskapsbanken i Norad med 20 millionar kroner og den foreslåtte reduksjonen av støtta til sivilt samfunn blir reversert.  

– Rapportane frå Somalia og Sudan fortel om desperate situasjonar på liv og død. Eg er svært bekymra over den humanitære situasjonen til sivilbefolkninga i desse landa og glad for at regjeringa og SV blei samde om å bidra med ekstra pengar til det som for mange har blitt gløymde kriser, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. 

I tillegg til regjeringas allereie annonserte forslag om 470 millionar kroner til Gaza og palestinske sjølvstyre i år, blir no den humanitære nødhjelpa auka med ytterlegare 100 millionar. 

Noreg annonserte på FNs klimakonferanse i Dubai at Noreg vil støtte oppstarten av eit nytt fond for tap og skade som følgje av klimaendringar med 25 millionar dollar. Derfor blir no løyvinga auka til klimabistand med 268 millionar kroner. 

– Tap og skade-fondet er viktig for forhandlingane som skjer på klimatoppmøtet. Pengane skal gå til sårbare utviklingsland som allereie no står med begge beina i klimakrisa. Ei rask oppfylling, som Noreg har bidrege til, vil byggje tillit mellom det globale nord og sør, som er avgjerande for dei krevjande forhandlingane, seier Tvinnereim. 

I løpet av 2023, har bistandsbudsjettet auka med heile 14,7 milliardar kroner, i hovudsak på grunn av Nansen-programmet for Ukraina og ekstraløyvinga til land i det Globale sør som er ekstra hardt ramma av ringverknadene til krigen.