Ni nye nærtenestesenter skal gi betre tenester nær folk
Pressemelding | Dato: 26.06.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Saman med ulike statlege etatar skal ni utvalde kommunar no teste ut korleis tilgangen til statlege publikumstenester kan bli betre i område med lange reiseavstandar. – Senterpartiet og Arbeiderpartiet sørger no for at staten kjem litt nærare folk.
Kommunane Lebesby, Tokke, Nore og Uvdal, Ulstein, Meløy, Øygarden, Værøy (inkl. Røst, Flakstad og Moskenes), Gamvik og Vanylven er valt ut til å delta i det treårige prosjektet pilot nærtenestesenter.
– Målet med desse pilotane er å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i heile Noreg. Å ta teoriprøva til førarkort, få seg pass, eller ordne det naudsynte når ein kjem frå utlandet til Noreg for å jobbe, er dømer på kor det framleis er mange som må reise langt for å møte staten, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Regjeringa har allereie bestemt at det skal opnast 15 nye passkontor ulike stader i landet, for dei som har særleg lang reiseveg eller der det er kapasitetsutfordringar.
– Dei nye passkontora har styrka passtilbodet i Distrikts-Noreg, no skal vi og sikre betre tilgang til mellom anna Skatteetaten, Statens vegvesen og politiet, uttalar kommunal- og distriktsministeren.
Dei siste åra har fleire tenester blitt digitalisert. Det gir befolkninga tilgang til offentlege tenester frå sin eigen heim, uavhengig av kor i landet dei bur. Å bruke digitale løysingar kan likevel vere utfordrande for mange innbyggjarar. I samarbeid med dei statlege etatane skal kommunane difor òg bidra til at innbyggjarane blir endå betre til å bruke digitale tenester.
– Skal vi lykkast med digitaliseringa, må vi ha alle med. Arbeidet mot digitalt utanforskap er derfor heilt avgjerande og eg er glad for at sentra også skal teste ulike måtar å styrke den digitale kompetansen på, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. - Det handlar både om grunnleggjande digital kompetanse og om å kunne bruke dei digitale tenestene frå for eksempel Skatteetaten og NAV.
KDD sin pressetelefon: 22 24 25 00
DFD sin pressetelefon: 22 24 20 00