NIBIO med analyse av berekraft i norsk jordbruksproduksjon

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har levert ein analyse av berekrafta i norsk jordbruksproduksjon. Analysen omfattar vurderingar og forslag til tiltak for å styrka berekrafta innanfor fleire område av jordbruksproduksjonen.

Forskarane har vurdert miljømessig, sosial og økonomisk berekraft i dagens jordbruksproduksjon.

Rapporten inneheld ein analyse av det som bidreg til berekraft i norsk jordbruksproduksjon, og er svar på del 2 av eit oppdrag som Landbruks- og matdepartementet gav til NIBIO i november 2022.


Den fyrste delrapporten blei publisert i september 2023. I rapporten blir det vist til fleire faktorar som legg til rette for utvikling av berekrafta i det norske jordbruket.