No aukar barnetrygda

Barnetrygd for barn over seks år aukar med over 3000 kroner i året frå og med 1. september 2024.

– På tre år har vi saman med SV på Stortinget fått til eit svært stort løft for barnetrygda. Det har vore ei viktig prioritering for regjeringa som har kosta mykje pengar. Men vi vet at dei som har minst rammast hardast av auka kostnader. Alle barn skal ha like mogelegheiter, uavhengig av bakgrunn, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Dette er det tredje statsbudsjettet denne regjeringsperioden der regjeringspartia og SV blir samde om å styrkja barnetrygda, som totalt er auka med åtte milliardar kroner sidan 2021. Auken 1. september vil tette gapet i barnetrygdutbetaling slik at barn over seks år no skal få same utbetaling som barn under seks år. I tillegg har regjeringen gjort en rekke tiltak for utjamne økonomiske forskjellar blant barn og unge.

Den månadlege utbetalinga for barn både over og under 6 år blir 1 766 kroner.

Jamne ut forskjellar

Like moglegheiter for alle barn og unge er ein av dei viktigaste prioriteringane til regjeringa, og regjeringa har mellom anna styrkt ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge, for å sikre rimelegare eller gratis aktivitetstilbod og styrkt områdesatsingane i byar som treng ekstra ressursar for å redusere økonomiske og sosiale forskjellar.

– Regjeringa har auka barnetrygda og styrkt tenestetilbodet for barn og unge ved å prioritere billegare barnehage og gratis deltidsplass i SFO. Barnetrygda er auka, også for einslege forsørgjarar og endra sosialtenestelova, slik at barnetrygda ikkje blir medrekna i utmåling av sosialhjelp, seier Toppe.