Inkludering av barn og unge
No blir det delt ut 165 millionar kroner til inkludering av barn og unge
Nyheit | Dato: 26.02.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa jobbar breitt for å fange opp barn og unge som fell utanfor, for å få fleire med. Derfor er det løyvd meir pengar for å gi fleire barn og unge høve til å delta på fritidaktivitetar og andre arenaer for meistring og inkludering.
– Vi veit at familien du veks opp i seier noko om moglegheitene du får, og at dette kan handle om utdanninga, økonomien og helsa til foreldra. Regjeringa vil leggje til rette for at alle barn, uansett bakgrunn, kan delta i fritidsaktivitetar. Det er særleg viktig i dyrtida som vi no er inne i, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
I denne regjeringsperioden er ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge auka med 231 millionar kroner. Heile ordninga er på 758 millionar kroner i 2024. I årets fyrste tildelingsrunde blir det delt ut 165 millionar kroner til nye søknader gjennom ordninga.
For informasjon om kven som mottek tilskot sjå Bufdir sine nettsider.
– Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp, seier Toppe.
Eksemplar på aktivitetar som kan få tilskot gjennom ordninga er gratis eller rimelege ferie- og fritidsaktivitetar, utstyrssentralar og fritidsklubbar. Ordninga går òg til lokale fritidskassar, som skal dekkje utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge i kommunane.
– Fellesskapet som barn og unge får kjenne på når dei deltek i sosiale aktivitetar på fritida og i feriar er veldig viktig. Det gir minne, venner og opplevingar som kan vare livet ut. Det kan bidra til å forhindre utanforskap både når dei er unge, men også seinare i livet, seier Toppe.
Målgruppa for tilskotsordninga er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot frå denne ordninga.