Revidert nasjonalbudsjett:
No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og kommunar
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar moglegheita til å dele seg. – Vi følgjer opp regjeringserklæringa og føreslår deling tilbake til dei gamle einingane. Dette er ein god dag for lokaldemokratiet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Regjeringa føreslår at Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark skal delast opp. Ein føreslår også å dele Ålesund kommune.
– Om Stortinget fattar vedtak om deling før sommaren, ligg alt til rette for at dei nye fylka kan settast i verk frå 1.1.2024, seier Gjelsvik.
Regjeringa føreslår følgande deling:
- Viken delast i tre nye fylke: Akershus, Buskerud og Østfold
- Vestfold og Telemark delast i to nye fylke: Telemark og Vestfold
- Troms og Finnmark fylke delast i to nye fylke: Finnmark og Troms
Forslaget om deling av Viken seier ikkje noko om kva fylke Jevnaker og Hole kommune skal høyre til. Regjeringa vil difor i løpet av kort tid fremje ein tilleggsproposisjon for Stortinget om kva fylke Hole og Jevnaker skal høyre til.