No får 1000 vaksne ekstra hjelp til å skaffe seg eit fagbrev
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 16.04.2021
88 kurs rundt om i landet får til saman 23 millionar kroner for å førebu vaksne på å ta eit fagbrev. Vestfold og Telemark, Trøndelag og Vestland får pengar til flest kurs.
– Mange av dei som skal delta på kursa har lang arbeidserfaring, men treng å lære seg mellom anna lesing, skriving og rekning betre. Eg håper dei som deltek på kursa får den læringa dei treng for å kunne skaffe seg eit fagbrev. Det vil gjere at dei stiller sterkare i eit arbeidsliv med stadig høgare krav til formell kompetanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Kursa er òg opne for permitterte og arbeidsledige. Av dei 997 planlagde deltakarane har 556 innvandrarbakgrunn og 265 er permitterte under pandemien.
– Koronakrisa har vist oss igjen at det er dei med låg eller ingen formell kompetanse som står først i permitteringskøen. Kompetanseheving er derfor ei viktig investering i enkeltmenneske, og kan for mange vere inngangsbilletten til arbeidslivet. Som samfunn er vi tente med at fleire blir inkluderte i arbeidslivet, seier Asheim.
Dei 88 kursa er fordelte på fagområda bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag.
Slik blir pengane fordelte:
Fylke Kurs Beløp
Troms og Finnmark 3 1 200 000
Nordland 6 1 200 000
Trøndelag 12 3 060 000
Møre og Romsdal 7 2 295 000
Vestland 11 3 225 000
Rogaland 7 2 025 000
Agder 8 1 650 000
Vestfold og Telemark 12 3 495 000
Viken 12 2 535 000
Innlandet 3 750 000
Oslo 7 1 500 000
Sum 88 22 935 000
Fakta:
Kompetansepluss prøveordning med fagopplæring vart første gang lansert i 2018. Det er Kompetanse Noreg som forvaltar ordninga. Målgruppa er vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning, som treng opplæring for å kunne ta fagbrev som praksiskandidat. Verksemder kan søke om pengar gjennom ordninga, som skal bidra til at vaksne får nødvendig kompetanse til å meistre krav og omstilling i arbeidslivet.
Meir om tildelingane her