No går startskotet for arbeidet med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Kunnskapsdepartementet vil leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningar i høgare utdanning våren 2024. Meldinga vil leggje hovudvekt på dei rammeplanstyrte lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane.

– Det norske velferdssamfunnet har stor oppslutning, og vi har store forventningar til tenestene som staten og kommunane skal yte. I Noreg er vi særleg sårbare fordi vi er ei lita befolkning i eit stort og langstrakt land, i ei uroleg tid. Vi må sikre at vi også i framtida har gode profesjonsutdanningar som gir oss nok folk til skule og helse- og velferdstenester over heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

I tillegg går den teknologiske utviklinga stadig raskare, og digital teknologi vil framleis endre måten vi lærer, jobbar og lever på. Kompetansebehovet endrar seg som følgje av ny kunnskap, nye teknologiar, kunstig intelligens og automatisering.

Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma om at dei vil lage ei stortingsmelding om profesjonsutdanningar. No startar arbeidet med meldinga. Kunnskapsdepartementet ønskjer ein brei og involverande prosess, der både universitet og høgskular, arbeidslivet og studentane tar del.

– Vi ser at fleire av profesjonsutdanningane har ulike utfordringar når det kjem til kvalitet, kapasitet og mangfald og inkludering. Eg håpar arbeidet med meldinga vil setje i gang diskusjonar som gjer at vi saman kan finne gode løysingar, seier Moe.  

Sjå meir informasjon om arbeidet og om kommande innspelsprosessar her.

Fakta om stortingsmeldingsarbeidet

  • Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at ho vil leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningar. Den kommande meldinga er òg varsla i statsbudsjettet for 2023 og i Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023-2032.
  • Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2024.
  • Meldinga vil leggje hovudvekt på dei rammeplanstyrte lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane.