No gjeld blyhagl-forbod
Nyheit | Dato: 16.02.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Frå 15. februar 2023 er blyhagl forbode på jakt i og ved våtmark. I praksis må jegerar no bruke annan ammunisjon i så godt som alle jaktsituasjonar.
Bakgrunnen for regelendringa er at EU har vedtatt eit forbod mot bruk av blyhagl i, og nærare enn 100 meter frå, våtmark. I denne samanhengen blir våtmark definert breiare enn det vi vanlegvis tenkjer på når vi snakkar om våtmark. Dette gjer at det i praksis er forbode å nytte blyhagl til skog- og fjelljakt, sjøfugljakt i område med grunn sjø, og alle former for jakt der jegeren er i rørsle.
- Miljødirektoratet har meir om saka: Blyhagl-forbod trer no i kraft - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Landbruks- og matdepartementet har hovudansvaret for viltlova og for utøving av jakt og fangst på haustbare viltartar.