Regjeringa har vald konsept for E134 arm til Bergen:

No skal det lagast ein utviklingsstrategi for strekninga

Konseptvalgutgreiinga for E134 arm til Bergen er klar. No ber Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om å gå vidare med alternativet konsept 1, som i grove trekk følgjer dagens Fv. 49 frå Trengereid til Jondal, videre til Odda og langs Rv. 13 til Jøsendal.

– E134 er ein viktig vegforbindelse mellom aust og vest, men manglar ein god kopling til Bergen. Med denne avgjersla legg regjeringa til rette for å kunne lage ein utviklingsstrategi for forbindelsen. Dette er viktig fordi vi veit at strekninga har lang reisetid med dårleg vegstandard enkelte stader, i tillegg er deler av strekninga rasutsett, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Statens vegvesen har utarbeida konseptvalgutgreiing for E134 arm til Bergen. Den har vore på høyring, og det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1). Utgreiinga tar for seg ulike alternativ for tilknyting av Bergensområdet til E134 ved Jøsendal, og det vidare arbeidet skal no ta utgangspunkt i konsept 1.

– Konsept 1 er eit framtidsretta val for utviklinga i Hardanger. Dette har ein kjempa for lokalt i lang tid. At ein kan byggje stegvis gjer det mogleg med viktige utbetringar på dagens veg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).  

Konsept 1 legg godt til rette for trinnvis utbygging og  gjenbruk av eksisterande veg. No får Statens vegvesen i oppgåve av departementet å lage ein utviklingsstrategi saman med Vestland fylkeskommune.

– Med utviklingsstrategien ønskjer vi å få betre kunnskap om utfordringane, mogleg trinnvis utbygging og kva strekningar som bør prioriterast i det vidare arbeidet, seier Nygård.