Statsbudsjett 2024
No skal heile Noreg eksportere meir
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa vil løyve om lag 95 millionar kronar til å fremje norsk eksport.
- Vi skal auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. For å nå dette målet prioriterer vi pengar til å utvikle strategiske eksportsatsingar for utvalde sektorar. Vi sørgjer òg for at Eksfin har tilstrekkelege musklar slik at norske eksportørar får like gode konkurransevilkår som eksportørar i andre land, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til eksportsatsingar med 45 millionar kroner i 2024. Pengane skal gå til å gjennomføre eksportsatsingane under eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Totalt foreslår regjeringa å løyve 94,7 millionar kroner til satsingar på eksportfremme i 2024.
Pengane skal brukast til:
- å styrkje Innovasjon Noreg og verkemiddelapparatet sitt nærvære internasjonalt
- å styrkje NORWEP sine aktivitetar som fremjer internasjonalisering av den norske havvindnæringa
- til eksportprogram
- og til felles profileringsmateriale
Så langt har regjeringa lansert to eksportsatsingar på havvind og på maritim næring, basert på forslag frå Nasjonalt eksportråd. Satsingane er prosjekt som kjem i tillegg til det eksisterande eksportarbeidet.
Dei tre nye neste satsingane som kjem, vert for design og ferdigvareindustrien, helseindustrien og reiselivsnæringa. Nasjonalt eksportråd ga i sommar råd om konkretisering av ei satsing innan design og ferdigvareindustrien, og arbeider med å ferdigstille råda sine om korleis desse satsingane skal gjennomførast.
Styrking av det eksportretta verkemiddelapparatet
Regjeringa foreslår òg å auke garantirammene under Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) med ti milliardar kroner, med høve til å auke dei med ytterlegare ti milliardar dersom det vert naudsynt grunna valutasvingingar, slik at Eksfin framleis skal kunne bidra til den grøne omstillinga i næringslivet.
I fjor fekk Eksfin eit breiare mandat som inneber at dei kan gi lån til eksportretta investeringar og finansiere klimaprosjekt med eksportpotensial i Noreg. Det vert mellom anna opna for finansiering av botnfast vindkraftprosjekt til havs, på lik line med flytande vindkraftprosjekt.
Heile Noreg Eksporterar
Regjeringa lanserte i mars 2022 eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Reforma er eit krafttak der det offentlege, næringslivet og verkemiddelapparatet saman arbeider for å gjere offensive eksportframstøyt i utlandet, samtidig som ein koplar arbeidet med eksportfremje tett opp til arbeidet med grønt industriløft.
Heile Noreg eksporterer inneheld ei rekke eksportfremjande tiltak, mellom anna etablering av eit Nasjonalt eksportråd som gir råd og innspel til næringsministeren og utformar forslag til større strategiske eksportfremjesatsingar.