Norden må samarbeide om digital tryggleik
Tale/innlegg | Dato: 05.09.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Av: Tidligere kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Innlegg i VG)
Det er krig i Europa. Denne krigen finn óg stad på den digitale arenaen. Kva betyr det for oss i Norden og dei baltiske landa?
I dag (6. sept.) møter eg statsrådar med ansvar for digitalisering frå Norden og Baltikum. Norden har sett seg som mål å vere den mest integrerte og berekraftige regionen i verda. Dette målet er vi på god veg til å nå. Derfor har det oftast vore positive saker på agendaen når dei nordisk-baltiske statsrådane møtest: Kor flinke vi er til å bygge ut 5G. Kor godt vi jobbar med grensekryssande digitale tenester. Korleis vi deler data for å få til meir berekraftige og innovative digitale løysingar.
Men denne gongen er bakteppet meir alvorleg. Krigen i Ukraina, og ei generell auke i digitale truslar, gjer at vi må sette digital tryggleik på agendaen. Gjennom sommaren 2022 har vi sett ei rekke tenestenektangrep mot verksemder som tilbyr viktige tenester til den norske befolkninga. Det har heldigvis gått bra så langt. Men nettopp fordi den Nordisk-Baltiske regionen er «best i klassen» på digitalisering i offentleg sektor, blir vi ekstra sårbare for digitale angrep. Det såg vi tydeleg etter angrepet på Østre Toten i fjor. Og våre vener i Baltikum har fleire gonger – óg før krigen i Ukraina – fått kjenne på kor krevjande det kan vere å forsvare seg mot digitale angrep frå ein stor og mektig nabo, og kor viktig det er å vere godt forberedt.
Som digitaliseringsministrar er vi alle opptekne av å tilby gode digitale tenester til innbyggarane våre. I Noreg og i resten av Norden er oppslutninga om offentlege digitale tenester stor. Innbyggarane har tillit til at styresmaktene behandlar opplysningane deira rett, og trygger IT-systema og informasjonen i dei på ein god måte. Robuste og sikre digitale tenester som tek vare på personvernet er avgjerande viss vi skal oppretthalde tillita til offentlege digitale tenester.
Derfor er det viktig at vi i Norden og Baltikum kan møtest og dele erfaringar og informasjon på dette området. Det er ingen sektorar, og få, om nokon, land som aleine kan handtere all risiko og sårbarheit. Derfor har dei nordiske og baltiske digitaliseringsministrane blitt einige om å utvide samarbeidet til óg å omfatte digital tryggleik, særleg i offentlege digitale tenester. Viss vi som region skal fortsette å være leiande innan digitalisering, er dette noko vi er heilt avhengige av å få til.