Nordisk nyskapingsmøte om matkultur

Nordisk ministerråd er vertskap for eit todagars nyskapingsmøte om innovasjon og matkultur. Her skal idear utviklast i samband med programmet Eit nytt nordisk kjøken.

Klimakrise og mangel på matlagingskunnskap er berre nokre at dei presserande utfordringane som står på menyen når 20-årsjubileet for Manifest for eit nytt nordisk kjøken skal markerast den 3. til 4. desember i Malmø.

Manifest for eit nytt nordisk kjøken blei i si tid byrjinga på ei omlegging av matkulturen vår, der krafta frå naturen blei framheva. Det blei òg lagt vekt på kvaliteten til lokale råvarer. Nordisk ministerråd var raskt ute med støtte til den kulinariske rørsla.

– Eit nytt nordisk kjøken endra det kulinariske landskapet i Norden, og ministerrådet sto klare til å initiera eit felles program. Det er eit strålande døme på nordisk samarbeid, frå grasrotrørsle til politisk handling. Eg ser fram til å delta på nyskapingsmøtet i Malmø for å markera 20-årsjubileet og diskutera kva som trengst i framtida, seier generalsekretær Karen Ellemann i Nordisk ministerråd.

Fleire enn 60 deltakarar deltek på møtet. På programmet står mellom anna inspirasjonsføredrag, arbeidsseminar og debattar.