Nordisk utanriksministermøte i Stockholm

– Med Sverige og Finland i Nato, blir det opna mange nye dører for samarbeid. Saman kan vi byggje ein endå meir motstandsdyktig og sikker region, både militært og sivilt, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Bilde av nordiske utenriksministre stående foran en båt
Utanriksminister Espen Barth Eide møtte dei nordiske kollegaene sine i Stockholm. Foto: Tuva Bogsnes/UD

Utanriksministrane frå dei nordiske landa møttest i Stockholm denne veka for samtalar om sikkerheitspolitikk, Ukraina, Nato og Midtausten. Med alle dei nordiske landa i Nato, blir opna nye moglegheiter for å styrkje samarbeidet.

– I ein utrygg situasjon er det avgjerande at vi i Norden held oppe og styrkjer banda oss imellom. Tettare nordisk tryggleiks- og forsvarssamarbeid er i Noregs interesse. Det nordiske samarbeidet knyter landa våre tettare saman og har ein stabiliserande effekt i Nord-Europa. Landa våre er i eit tryggingspolitisk fellesskap med samanfallande syn på trusselbiletet. Vi skal møte dette saman og stadig sterkare, seier Eide.

Både samarbeidet i Nato og Russlands krig mot Ukraina var blant temaa då utanriksministrane møttest i Stockholm. Dette er siste gong utanriksministrane møtast før Nato-toppmøtet i juli. Under samtalane var òg situasjonen i Midtausten, særleg Gaza, eit tema, i tillegg til betydninga av å forsvare ein regelbasert verdsorden med tydeleg eit forsvar for folkeretten.

Etter krigen i Ukraina har det nordiske tryggingspolitiske samarbeidet blitt styrka og tilpassa den nye geopolitiske verkelegheita.

– Krigen i Ukraina, og Sverige og Finlands medlemskap i Nato, samlar heile Norden med forsterka kraft. Det nordiske samarbeidet vårt har truleg aldri vore viktigare, og desse nordiske møta gir rom for svært verdifulle samtalar mellom nære allierte. Det felles verdigrunnlaget vårt og tillit gjer at vi har gode samtalar om viktige tema, seier Eide.

Sveriges utanriksminister leidde diskusjonane mellom anna om støtte til Ukraina og det kommande Nato-toppmøtet. Sverige har formannskapet i det nordiske samarbeidet i 2024.

– Det er grunnleggjande for europeisk tryggleik at Ukraina vinn. Europa må halde fram samarbeidet for å støtte Ukraina i kampen deira. Vi kan ikkje tillate at Russland endrar den europeiske tryggingsordenen med makt. Dei nordiske landa er samstemde og styrkte i støtta til Ukraina, seier utanriksminister Eide.

Russland blir no oppfatta som den primære strategiske utfordringa for alle nordiske land, noko som har ført til eit meir einskapleg forsvars- og tryggingspolitisk fokus.

– Samtidig som vi styrkjer vårt forsvars- og tryggingspolitiske samarbeid, skal vi òg ha utvide samarbeid på den sivile sida. Det er viktig for økonomi og velferd, men det er òg avgjerande for å styrkje den tryggingspolitiske situasjonen i Norden. Gjennom samarbeid om til dømes energi, berekraft, transport, helseberedskap, og krisehandtering, kan vi saman byggje ein meir motstandsdyktig og sikker region, seier Eide.