Gram til nordisk og nordisk-baltisk forsvarsministermøte

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) deltek 22.-23. november på forsvarsministermøter  i Stockholm med sine nordiske og baltiske kollegar

22. november er det nordisk forsvarsministermøte. På agendaen står det vidare nordiske forsvarssamarbeidet. Forsvarsministrane vil mellom anna diskutere nye moglegheiter når Norden blir samla i NATO. Dei vil også ta opp det transatlantiske samarbeidet og dei ulike landa sine bilaterale avtalar med USA, kalla DCA

Samme dag deltek forsvarsministeren også på eit digitalt møte i Ukraine Defense Contact Group (UDCG), digitalt fra Stockholm.

23. november er det nordisk-baltisk forsvarsministermøte. Tema for møtet er mellom anna sikkerheitssituasjonen i det nordisk-baltiske området og vidareutvikling av det nordisk-baltiske samarbeidet.

 

Praktisk informasjon:

Det vil bli arrangert pressetreff 23. november.

Tid: kl. 12.15
Sted: Karlbergs slott, Solna.

Media må melde seg på på førehand.

For meir informasjon, se invitasjon frå det svenske forsvarsdepartementet.

Bilder vil bli publisert her: Regeringskansliets bildbank (rkbild.se)

Pressekontakt for den norske forsvarsministeren:

Marita I. Wangberg, telefon 905 123 19 eller e-post miw@fd.dep.no