Noreg bidreg med 10 millionar kroner til å redusere metanutslepp

Noreg bidreg til eit nytt fond i Verdsbanken for å motverke utslepp av metan og fakling, saman med USA, Tyskland, Dei sameinte arabiske emirata og seks energiselskap.

Metan er ein kraftigare drivhusgass enn CO2, og reduksjon av utslepp blir rekna av mange ekspertar å vere den raskaste måten å redusere global oppvarming på kort sikt. Fondet, «The Global Methane Reduction Multi-donor Trust Fund», blei annonsert på klimatoppmøtet i fjor. Målet er å få slutt på rutinemessig fakling og redusere metanutslepp frå olje- og gassektoren innan 2030.

– Beskjeden frå den siste rapporten frå FN sitt klimapanel er klar: Globale utslepp held fram med å auke. Vi treng kraftigare tiltak, og vi treng dei raskt. Offentleg finansiering for utviklingsland er viktig, men ikkje tilstrekkeleg. Derfor er eg veldig fornøgd med at så mykje av finansieringa for dette fondet kjem frå private selskap, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Fondet blir administrert av Verdsbanken og er eit føregangsfond for finansiering frå privat sektor.  Equinor og dei andre energiselskapa gir 25 millionar dollar kvar til fondet, noko som svarer til rundt 277 millionar norske kroner per selskap. Noreg bidreg òg med kompetanse og ressursar slik at andre land kan redusere utsleppa sine. Til dømes skal Noreg støtte Nigerias arbeid med metan og fakling gjennom kunnskapssamarbeidet «Energi for utvikling». 

– Noreg ligg langt framme på arbeidet med å minimere metanutslepp både i olje- og gassektoren og avfallssektoren, og vi sit på kunnskap og erfaring som andre land kan dra nytte av. Vi speler dermed ei viktig rolle for å sikre at selskap har den nødvendige kunnskapen og kompetansen som trengst for å motverke metanutslepp og fakling, seier Eide.

Forpliktinga frå klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 om å doble Noregs klimafinansiering frå 2020 til 2026 ligg fast. Privat finansiering er nødvendig for å kunne dekkje klimafinansieringsbehovet. Noreg bidreg òg til å mobilisere privat kapital gjennom Norfund og klimainvesteringsfondet.

– For å avgrense temperaturauken til 1,5 gradar, må privat sektor bidra med finansiering. Klimafinansiering og støtte til utviklingsland er viktig i Parisavtalen, slik at dei kan få ein berekraftig økonomi med låge utslepp, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Noreg deltek òg i «Global Methane Pledge og Clean Air Coalition».