Noreg deltek på møte med Sverige og Finland om sikkerheitspolitikk
Pressemelding | Dato: 14.02.2023 | Statsministerens kontor, Forsvarsdepartementet, Utanriksdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre møter Sveriges statsminister Ulf Kristersson og Finlands president Sauli Niinistö til eit møte om sikkerheitspolitikk, støtte til Ukraina og samarbeid mellom Sverige, Finland og Noreg.
Møtet er på Harpsund i Sverige onsdag 22. februar. Dette er ei oppfølging av eit møte mellom Sverige, Finland og Noreg som fann stad i Finland i 2019.
Under møtet deltek også Noregs utanriksminister Anniken Huitfeldt, Noregs forsvarsminister Bjørn Arild Gram, Sveriges utanriksminister Tobias Billström, Sveriges forsvarsminister Pål Jonson, Finlands utanriksminister Pekka Haavisto og Finlands forsvarsminister Mikko Savola.
Etter møtet, klokka 15:00, blir det eit felles pressetreff med statsminister Ulf Kristersson, president Sauli Niinistö og statsminister Jonas Gahr Støre. Det er avgrensa med plassar under pressetreffet. Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til emma.kvennberg@regeringskansliet.se seinast 20 februar kl. 17.00.
Det er også lagt opp til ein kort gåtur med bildemoglegheiter (kun fotografar) klokka 14:20. Fotografar må akkreditere seg til emma.kvennberg@regeringskansliet.se seinast 20. februar kl. 17.00.
Pressekontaktar for statsminister Jonas Gahr Støre er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Vi ber om at norsk presse som ønskjer å vere med tek kontakt med ibm@smk.dep.no innan 20. februar.
Pressekontakt for utanriksminister Anniken Huitfeldt er kommunikasjonsrådgivar Tuva Bogsnes, telefon 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no. Pressekontakt for forsvarsminister Bjørn Arild Gram er kommunikasjonsrådgivar Marita Hundershagen, telefon 902 87 846, e-post marita.hundershagen@fd.dep.no.