Noreg, Finland og Sør-Korea signerer avtale som styrkjer norsk beredskap
Nyheit | Dato: 08.12.2023 | Forsvarsdepartementet
Noreg og Finland har begge kjøpt artillerisystemet K9 frå Sør Korea. Avtalen som no blir signert legg til rette for at Noreg og Finland, på ein enklare måte kan senda reservedelar til kvarandre, utan først å søkja om godkjenning hos sørkoreanske styresmakter. – Denne avtalen vil auka Noreg og Finlands beredskap i nord, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
- Det direkte resultatet av denne avtalen er at artillerivogner kan komma raskare tilbake til bruk i Forsvaret. Det styrkjer beredskapen vår og gjer oss mindre sårbare. Vi vil arbeida for å få til liknande avtalar med andre nasjonar, som leverer våpensystem til dei nordiske landa. Her har Sør-Korea gått føre, seier forsvarsministeren.
Samarbeid om drift og forvaltning av artilleri
Finland og Noreg har i fleire år samarbeidd om drift og forvaltning av K9-systemet. Før signeringa av den nye avtalen var prosedyren byråkratisk, omfattande og tidkrevjande. Tidlegare måtte det sendast ein søknad til Sør-Korea på førehand for å kunna flytta reservedelar mellom Noreg og Finland. No blir ein rapport send om overføring av delar i ettertid til leverandøren. Avtalen gjer at dei to nasjonane våre fritt kan overføra reservedelar mellom landa, sjølv om dette er militært materiell der det som hovudregel er gitt restriksjonar frå opphavsnasjonen Sør-Korea.
-No som Finland er medlem av NATO er samarbeid oss imellom ekstra viktig, og dette vil styrkja vår felles beredskap i nordområda, seier Gram.
Langvarig logistikksamarbeid med Finland
Finland og Noreg har fleire felles materiell- og våpensystem. Det gir driftsmessige fordelar å utveksla informasjon, erfaringar og tenester. Samarbeidet vil bli vidareutvikla i åra som kjem.
- Når Sverige bli medlem av NATO går samarbeidet mellom landa våre over i ein ny fase. Alt som bidreg til forenkling og meir smidig samarbeid over landegrensene er viktig for beredskapen. No held arbeidet fram med å finna fleire moglegheiter for forenkling. Samtidig skal Forsvaret samarbeida endå tettare med Finland om K9 og andre felles materiellsystem, avsluttar forsvarsministeren.