Noreg fornya utdanningsavtale med Brasil
Nyheit | Dato: 20.09.2024 | Kunnskapsdepartementet
Noreg og Brasil skal samarbeide meir om utdanning. Målet er meir utveksling av elevar, studentar og tilsette, meir samarbeid mellom utdanning, forsking og næringsliv – og betre kvalitet i utdanningane.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel signerte 20. september ein fornya versjon av den bilaterale avtalen mellom KD og det brasilianske utdanningsdepartementet. Avtalen blei oppretta i 2016, og den fornya versjonen bekreftar at Noreg og Brasil ønsker tettare samarbeid innan utdanning.
– Utdanning er ein nøkkel for løyse globale utfordringar. Derfor er eg glad for at vi no styrker samarbeidet med Brasil på dette området. Vi veit at fleire norske utdanningsinstitusjonar ønsker å bygge sterke og langsiktige partnarskap med Brasil. I tillegg reiser stadig fleire norske studentar til Brasil på utveksling. Vi vil gjerne ha meir slik utveksling – både til og frå Noreg. Det legg den fornya avtalen til rette for, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Følger opp Panorama-strategien
Regjeringa sin Panorama-strategi legg prioriteringar og føringar for det bilaterale samarbeidet med Brasil.
Regjeringa ønsker å fremje målretta bilateralt høgare utdannings-, forskings- og innovasjonssamarbeid med Brasil, ved å legge til rette for:
- ei langsiktig styrking av faglege kontaktflater mellom institusjonar i Noreg og strategilanda
- meir systematisk kontakt og samordning på norsk side, på tvers av ulike departement sine ansvarsområde og
- auka kunnskap og meir tilgjengeleg informasjon som kan påverka moglegheitene for eit godt samspel mellom høgare utdanning, forsking og næringsliv.
For å vidareutvikle samarbeidet med Brasil har i tillegg Forskingsrådet, HK-dir og Innovasjon Noreg eit ansvar for å bidra til godt samspel mellom utdanning, forsking og næringsliv i bilateralt samarbeid. Her speler mellom anna UTFORSK-programmet ei viktig rolle.
- Memorandum of Understanding: On cooperation in the field of higher education and training (lenke kommer)
- Noreg og Brasil har òg ein avtale om forskingssamarbeid, som blei fornya i 2021