Noreg gir Colombia 220 millionar kroner til kampen mot avskoging

Nye og forsterka tiltak mot avskoging skal verne verdas femte største regnskogland. Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik annonserer denne veka under det pågåande naturtoppmøtet at Noreg skal støtte Colombia med 220 millionar til deira arbeid med å bevare regnskogen.

– Colombias suksess med å redusere avskoging viser krafta i effektive tiltak. Avskoginga nådde i fjor sitt lågaste nivå på 23 år. Colombia har det nest største biologiske mangfaldet i verda, så dette er eit naturtiltak i verdsskala, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Klima- og miljøministeren deltek denne veka på det internasjonale naturtoppmøtet COP16 i Cali i Colombia.

– Sidan 2015 har Noreg vore ein viktig partnar for Colombia. Gjennom den resultatbaserte avtalen vår har vi støtta arbeidet til styresmaktene mot avskoging. Dette samarbeidet har bidrege til styrkt lovhandheving, berekraftig utvikling i skogområda, sterkare rettar for urfolk, vern og restaurering av skog, og ei omstilling i landbruket, seier Sandvik.

Natur, miljøkriminalitet og urfolks rettar

I 2022 la regjeringa fram ein tiltaksplan for å stanse avskoginga, som har gitt resultat. Avskoginga i Colombia har bremsa drastisk dei siste åra. I 2022 gjekk avskoginga ned med 29 prosent, og i fjor med 36 prosent til.

220 millionar kroner er nye midlar som skal investerast i regnskogbevarande tiltak over tre år. Midlane skal bidra til å få bukt med storskala ulovleg avskoging og miljøkriminalitet, og å styrkja berekraftig skogforvaltning. Dette inkluderer innsats for å gi småbønder alternative levevegar slik at dei ikkje må ty til avskoging. Urfolk er utsett for press frå kriminelle aktørar som opererer i regnskogen. Støtta frå Noreg vil også gå til å fremja urfolks rettar slik at dei kan forvalta sine område.

I fjor annonserte Noreg også eit bidrag på 109 millionar kroner (10 millionar dollar) til Colombia for oppnådde resultat under klima- og skogpartnarskapet. Colombia har vedteke at denne støtta no skal finansiera gjennomføringa av Colombias nyleg lanserte handlingsplan for natur.

Fred og skog

Væpna grupper har stor innverknad på om avskoginga i Amazonas går opp eller ned. Illegal aktivitet som ulovleg kvegdrift, gullutvinning, kokainproduksjon og ulovleg tømmerhogst, bidreg til avskoging og miljøøydelegging.  

Etter at FARC-geriljaen vart oppløyst i 2017, oppstod eit maktvakuum i skogområda. Det førte til ein kraftig auke i ulovleg avskoging fordi skogsområda vart tilgjengelege, både for småbønder og pengesterke kriminelle nettverk. Sidan har nye geriljagrupper styrkt seg mellom anna i Amazonas, og dei har kontroll over store område. Det betyr at geriljagrupper har stor innverknad på avskoginga. Noreg har lenge vore ein viktig støttespelar for fredsforhandlingane. I fredsforhandlingar mellom ulike geriljaer og regjeringa, er miljø og skogbevaring eit viktig tema. Klima- og skoginitiativet støttar prosjekt som bidreg til skogbevaring som del av fredsforhandlingane.