Noreg i interaktiv dialog med FNs menneskerettsråd blir om forpliktingane på menneskerettsområdet 4.november klokken 09.00 – 12.30

Alle FNs medlemsland skal jamleg høyrast om forpliktingane sine på menneskerettsområdet. I juli leverte Noreg fram sin UPR-rapport (Universal Periodic Review) som ein del av førebuingane til høyringa i 4. november.

I samband med skipinga av FNs menneskerettsråd i 2006 vart det vedteke at alle medlemsland i FN skal rapportera og høyrast om gjennomføringa av menneskerettsforpliktingane sine. Ordninga har fått namnet Universal Periodic Review (UPR) og som del av denne prosessen skal Noreg høyrast for fjerde gong.

Høyringa tek form i ein interaktiv dialog i Menneskerettsrådet, og resultatet vil vera ei rekkje tilrådingar til Noreg frå FNs medlemsland for å styrkje gjennomføringa av menneskerettane.

Noregs delegasjon blir leia av statssekretærane Even Eriksen (Ap) frå Justis- og beredskapsdepartementet og Even Aleksander Hagen (Ap) frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Som ein del av førebuingane inviterte Justis- og beredskapsdepartementet til eit ope innspelsmøte med sivilt samfunn og andre aktuelle aktørar 14.oktober.

 – Her lytta me til kva dei hadde av kommentarar, og innspela deira har vore nyttige i førebuingane fram mot den interaktive dialogen i Menneskerettsrådet måndag 4. november, seier statssekretær Even Eriksen.

Noregs høyring blir strøyma og kan følgast på UN web-TV.

Her kan du lese Noregs UPR-rapport.