Noreg kan satse på KI-forsking med ny nasjonal superdatamaskin

Regjeringa har lova å bruke minimum ein milliard kroner over fem år på norsk KI-forsking. No er arbeidet i gang med å ruste opp reknekrafta som trengst for å følge opp satsinga.

No er kontrakta signert. Noreg får ei ny superdatamaskin. Det var Hewlett Packard Enterprise Norge som i slutten av mai vann anbodskonkurransen, med ein kontraktsverdi på 225 millionar kroner. Den nye superdatamaskina er den kraftigaste i norsk historie og vil bidra til eit betydeleg løft for nasjonal forsking og innovasjon innan KI.

– Dette er eit stort steg vidare for Noreg som kunnskapsnasjon. For å henge med i KI-kappløpet, må vi vere mindre avhengige av utanlandske aktørar. Vi må syte for at vi har nok reknekraft sjølve. Det er avgjerande for å sikre norsk kunnskapsberedskap og nasjonal tryggleik, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Tungreknekraft for alle norske forskarar

Superdatamaskiner som denne kan utføre store og komplekse berekningar, ofte kalla tungrekning, og er betydeleg raskare enn vanlege datamaskinar. Dette gjer dei til uunnverlege verktøy for dataorientert forsking innanfor område som til dømes medisin, klima, språk og kunstig intelligens (KI).

Tungrekneanlegg er kostbare, utfordrande å drifte og krev spesialkompetanse for å bruke. Derfor er det hensiktsmessig at staten sjølv eig nasjonale superdatamaskinar som kan nyttast av forskarar, uavhengig av kva forskingsinstitusjon eller fagområde dei er knytte til. Den nye maskinen blir altså tilgjengeleg for forskarar over heile landet.

Banebrytande teknologi for norsk forsking

Forsking innan stadig fleire fagområde er datadrivne, og behovet for reknekraft er derfor nesten umetteleg.

— Det er avgjerande at vi investerer i reknekraft og KI-teknologi no, for å sikre at norsk forsking ikkje blir hengande bak i åra som kjem. Investeringa i den nye superdatamaskina frå Hewlett Packard representerer eit godt steg i rett retning, men det trengst mykje meir. Tilgang til avansert teknologi som dette, og spesialisert kompetanse til å bruke han, blir essensielt for digital transformasjon i ei rekkje sektorar framover, seier Gunnar Bøe, dagleg leiar i Sigma2.

Skal ligge djupt under bakken i Lefdal Mine Datacenter

I Noreg har det statleg eigde selskapet Sigma2 AS ansvaret for å kjøpe inn og drifte dei nasjonale superdatamaskinane.

Installasjonen av den nye superdatamaskina vil skje i løpet av våren og sommaren 2025 i Lefdal Mine Datacenter (LMD) ved Nordfjordeid på Vestlandet. Sigma2 sikra datasenterkapasitet i den nedlagde gruva som vart gjord om til datasenter i 2021.

Tenestene blir drifta i samarbeid med Universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og NTNU under namnet Norwegian research infrastructure services (NRIS).

Meir om den nye superdatamaskinen

Superdatamaskiner som er tilpassa KI, har svært avanserte og kostbare prosessorar kalt Graphics Processing Unit (GPUer). Dei kan ikkje samanliknast med dei ein finn i heime-PC-ar. Den nye superdatamaskingen har dei mest avanserte prosessorane som finst på marknaden i dag. Ikkje berre har dei ein enorm berekningskapasitet, dei er óg kompatible med ei lang rekke programvarer og programmeringsspråk som blir nytta i datadriven forsking. Dette gjer desse prosessorane svært populære blant forskarar innan mange fagområde, og særleg innan KI.
.