Noreg og EU samde om å forsterke energisamarbeidet
Pressemelding | Dato: 23.06.2022 | Energidepartementet
Noreg og EU forsterkar samarbeidet på energiområdet. Det kom fram i eit møte mellom olje- og energiminister Terje Aasland og EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans i Brussel i dag.
— Me har hatt eit godt og konstruktivt møte, der me blei samde om å forsterke det nære energisamarbeidet mellom Noreg og EU. Russlands invasjon av Ukraina har gjort at det er behov for eit enda tettare samarbeid på energiområdet. Arbeidet med å nå klimamåla gjer også at energiomstillinga går raskare enn før, og då er det ekstra viktig med godt samarbeid, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
I møtet mellom Aasland og Timmermans var det fleire delar av energisamarbeidet som blei diskutert, både hydrogen, karbonfangst og -lagring og havvind. Dei er samde om å samarbeide nærare om moglegheitene for auka gassleveransar på kort og lang sikt.
Noreg er den største produsenten av olje og gass i Europa og bidrar på den måten i betydeleg grad til energitryggleiken også i EU. Selskapa på norsk sokkel produserer for fullt og gassleveransane er venta å auke med om lag 100 TWh energi frå 2021 til 2022.
— EU og Noreg har gjensidig interesse av at petroleumssektoren blir utvikla vidare, slik at Noreg også etter 2030 kan vere ein stor eksportør av olje og gass, seier Aasland.
Her kan du lese den felles erklæringa som blei lagt fram etter møtet (engelsk).