Noreg og Finland skal forhandla om ny Neiden-avtale

Norske og finske styresmakter skal forhandla om ein ny avtale om Neidenvassdraget. Målet er mellom anna å styrkja laksebestanden i elva.

– Me treng meir kunnskap og tettare samarbeid for å styrkja laksebestanden og naturmangfaldet i Neidenvassdraget. I tillegg må me få på plass felles reglar for fisket og for å få bukt med pukkellaks. Dette vil vera sentrale tema i forhandlingsprosessen, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Neiden er ei viktig lakseelv med ein stor gytebestand. Laksen har vore ein viktig ressurs for lokalbefolkninga gjennom alle tider.

Avtale frå 1977

Neidenvassdraget er eit grensevassdrag som blir delt av Noreg og Finland. Fisket på den norske delen av Neiden blir forvalta av Neidenelvens fiskefellesskap.

Dei siste åra har talet på laks som finn tilbake til Neiden minka mykje, og det har vore nødvendig å innskrenka fisket både på norsk og finsk side.

Fisket i Neiden blir regulert gjennom avtale mellom Noreg og Finland. Den nogjeldande avtalen vart inngått i 1977.

Startar i november

Det første forhandlingsmøtet mellom Noreg og Finland vil finna stad i byrjinga av november i Kirkenes.

– Laksebestanden i Neiden treng sterkare vern. Ansvaret for å forvalta laksen i elva ligg hos norske og finska styresmakter i fellesskap. Eg er glad for at me har fått på plass ein solid delegasjon med brei kompetanse og tilknyting, som skal forhandla med finske styresmakter, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Noregs forhandlingsdelegasjon består av representantar frå Klima- og miljødepartementet, Neidenelvens fiskefellesskap, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Miljødirektoratet og Utanriksdepartementet.