Noreg og Nederland styrkjer energisamarbeidet
Nyheit | Dato: 13.11.2024 | Energidepartementet
I samband med at kong Willem-Alexander av Nederland er på besøk til Noreg har Noreg og Nederland signert ein intensjonsavtale om å styrkje energisamarbeidet på område som hydrogen og fangst og lagring av CO2 (CCS).
– Nederland er en viktig energipartnar for Noreg. Me har like verdiar og samanfallande interesser både når det gjelder hydrogen og fangst og lagring av CO2. Eit tett og godt samarbeid er viktig for europeisk energiomstilling, seier Bergmål.
Intensjonsavtalen stadfestar dei to landa sine ambisjonar i klimaomstillinga og skal forsterke det norsk-nederlandske samarbeidet knytt til lågkarbon og fornybart hydrogen og CCS. Dette skal blant anna skje gjennom kunnskapsutveksling knytt til marknadsutvikling og innovasjon, i tillegg til samarbeid om rammeverk, regulering og standarder.
Kongen har hatt med seg ein næringslivsdelegasjon frå Nederland. Målet med besøket har vore å auke samarbeidet mellom Noreg og Nederland på energiområdet, særleg knytt til hydrogen og CCS. Kongen har blant anna besøkt Northern Lights i Øygarden, som er verdas første kommersielle anlegg for transport og lagring av CO2 under havbotnen. Han har også besøkt ZegPower som har utvikla ein innovativ teknologi for produksjon av lågkarbon hydrogen.