Noreg og Panama skal jobbe for at Prøvestansavtalen trer i kraft
Nyheit | Dato: 22.09.2023 | Utanriksdepartementet
Under FNs høgnivåveke startar Noreg og Panama eit toårig verv for kjernefysisk nedrusting.
– Noreg er glad for å ta på seg dette ansvaret saman med Panama. Prøvestansavtalen er avgjerande for å avgrense spreiinga av kjernevåpen til nye statar og for å stanse det kjernefysiske våpenkappløpet. Iverksetjing er derfor eit viktig steg på vegen mot ei verd fri for kjernevåpen, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.
Traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Prøvestansavtalen) frå 1996 forbyr alle former for kjernefysiske eksplosjonar. Noreg og 186 land i verda har underteikna og ratifisert avtalen. No står att åtte nøkkelland for at avtalen kan tre i kraft. Kjernen i Noregs arbeid vil bli å jobbe for at desse åtte landa skal underteikne og ratifisere avtalen.
– Det vil bli viktig for Panama og Noreg å snakke med land som framleis ikkje har underteikna eller ratifisert avtalen. Vi har lang erfaring i Noreg med å jobbe for reduksjon av kjernefysiske arsenal, førebygging av kjernefysisk spreiing og med å eliminere av kjernevåpen globalt. Det er no, meir enn nokon gong, avgjerande å styrkje det globale nedrustingsregimet, seier Anniken Huitfeldt.
Sjølv om Prøvestansavtalen ikkje har tredd i kraft, har avtalen skapt ei internasjonal norm. Det er brei semje om at kjernefysiske prøvesprengingar ikkje skal skje, og statane som har underteikna har formelt forplikta seg til å følgje prinsippa i avtalen. I det førre hundreåret blei det gjennomført over 2000 kjernefysiske prøvesprengingar. Sidan tusenårsskiftet er det berre Nord-Korea som har brote denne norma.
I påvente av iverksetjinga til avtalen er det bygd opp eit verdsomspennande verifikasjonssystem. Dette består av fleire hundre målestasjonar som kan registrere om land utfører prøvesprengingar. Med hjelp av seismologiske måleinstrument, hydroakustikk og infralyd kan ein kontrollere om det skjer kjernefysiske eksplosjonar under jorda, under vatn og i atmosfæren. NORSAR er Noregs nasjonale datasenter og står for drifta av dei norske installasjonane.
– Noreg har seks målestasjonar som bidreg inn i eit verdsomspennande nettverk. Den første og største målestasjonen i verda ligg her i Noreg. Dette gjer at Noreg har relevant kompetanse å bidra med internasjonalt, avsluttar Huitfeldt.