Noreg sluttar opp om nye sanksjonar mot Russland
Pressemelding | Dato: 29.06.2024 | Utanriksdepartementet
Noreg sluttar opp om den 14. sanksjonspakka frå EU mot Russland. Arbeidet med å innføre sanksjonane i norsk rett har starta. Noreg sluttar seg og til EU-regelverket for å bruke avkastningar fra «frosne» russiske sentralbankmidlar til å støtte Ukraina.
– Saman med sivil, militær og politisk støtte til Ukraina, er dei økonomiske sanksjonane eit heilt sentralt verkemiddel mot Russland sin ulovlege aggresjonskrig mot Ukraina, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Den 14. europeiske sanksjonspakka rettar seg mellom anna mot sektorar som energi, finans og handel. Desse sektorane er sentrale for Russland si evne til å finansiere krigføringa i Ukraina og gir Russland moglegheiter til å omgå internasjonale sanksjonar. Den nye pakka inneheld sanksjonar retta mot til saman 116 personar og einingar.
Som ein reaksjon på Russlands ulovlege aggresjonskrig mot Ukraina, har EU innført omfattande sanksjonar mot Russland. Noreg har slutta opp om alle sanksjonspakkene til EU, med nokre nasjonale tilpassingar. Regjeringa gjennomfører sanksjonane fortløpande i norsk rett, og står saman med EU og andre allierte for å sikre at sanksjonane treff sterkt og effektivt.
Den noverande økonomiske veksten i Russland er eit uttrykk for at landet har lagt om til ein krigsøkonomi. Arbeidskraft og kapital som kunne vore tilført produktive næringar er flytta over til produksjon av krigsmateriell. I 2024 går om lag 40 prosent av det føderale russiske budsjettet til militære formål. Russland er eit stort land med store ressursar, men dei er ikkje utømmelege.
– I dag Investerer ikkje Russland i si eiga framtid, men satsar alt på ein siger på slagmarka. Det har dramatiske konsekvensar for norsk og europeisk tryggleik. Auka vestleg støtte til Ukraina er den beste måten å syta for at Russland ikkje lukkast, seier utanriksministeren.
‘Frosne’ midlar
Noreg deltek aktivt i dei internasjonale diskusjonane om korleis Russland kan stillast til ansvar for øydeleggingane i Ukraina. Noreg sluttar seg no til EUs regelverk for å bruke den ekstraordinære avkastninga av immobiliserte russiske sentralbankmidlar til å støtte Ukraina. Den russiske sentralbanken har ikkje verdiar i Noreg, men det er viktig å støtte opp om tiltak frå allierte som kan bidra til den ukrainske forsvarskampen og seinare byggje opp att eit fritt Ukraina.
– Moralsk er det openbart at Russland må erstatte øydeleggingane dei har påført Ukraina, men som demokratiske rettsstatar treng vi og eit rettsleg grunnlag for ta i bruk avkastinga som er generert frå ‘frosne’ russiske midlar. Det har vi no, og det støttar Noreg, seier Eide.
EU vedtok i vår to tiltak (2024/577 og 2024/1470) retta mot bruk av uventa og ekstraordinær avkastning «windfall profits» på midlane. Denne avkastninga har oppstått hos einskilde verdipapirsentralar i EU på bakgrunn av at russiske sentralbankmidlar er immobiliserte. Formålet er å bruke den uventa og ekstraordinære avkastninga til å støtte Ukraina.