Noreg styrkjer samarbeidet med Storbritannia om undersjøisk tryggleik

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Sabotasjen mot Nordstream-kablane har vist oss kor sårbare vi er. Det må vi ta på alvor. Vi innleier difor no eit tettare samarbeid med Storbritannia for å styrkje tryggleiken, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvarsministrene Bjørn Arild Gram og Ben Wallace  signerte ei intensjonserklæring 18. mai 2023.
Forsvarsministrene Bjørn Arild Gram og Ben Wallace signerte ei intensjonserklæring 18. mai 2023. Foto: Ingrid Dåsnes / FD

Gram signerte intensjonserklæringa med den britiske forsvarsministeren Ben Wallace under ei vitjing til det britiske operative hovudkvarteret i Northwood utanfor London. Erklæringa skal styrkja og vidareutvikla samarbeidet som allereie eksisterer.

– Noreg og Storbritannia har begge tryggingsinteresser i Nordsjøen og Atlanterhavet. Vi deler dei same havområda og vi har eins interesse av å samarbeida om tryggleik i nærområda våre. Vi har samarbeidd godt i Nordsjøen etter sabotasjen mot Nordstream-kablane og det er dette samarbeidet vi no ønskjer å utvikla vidare, seier Gram.

Illustrasjonsbilete - den norske fregatten KNM Thor Heyerdahl .
Illustrasjonsbilete - den norske fregatten KNM Thor Heyerdahl . Foto: Helene Synes / Forsvaret

Noreg har stryka beredskapen i Nordsjøen. Det norske Forsvaret har auka aktiviteten sin på sokkelen med både fly og fartøy, og det har vore stor alliert støtte, mellom anna frå Storbritannia. Aktiviteten er tett koordinert mellom Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) og NATOs maritime hovudkvarter (MARCOM) i Storbritannia.

Les meir: UK and Norway to increase cooperation on undersea capabilities - GOV.UK (www.gov.uk)