Noreg styrkjer utdanningstilbodet for barn i Libanon
Pressemelding | Dato: 20.02.2025 | Utanriksdepartementet
Sidan 2020 har Noreg støtta utdanning og andre grunnleggjande tenester til libanesiske barn og syriske flyktningar i Libanon med 318 millionar kroner gjennom UNICEF. No inngår Noreg eit nytt samarbeid med LEGO Foundation og UNICEF for å få barn tilbake på skulebenken i Libanon. Noreg bidreg med 20 millionar kroner.
– Fleire hundre tusen menneske blei internt fordrivne i Libanon i løpet av konflikten med Israel i siste halvdel av 2024. Skular blei brukte som mellombelse tilfluktsstader for familiar, og tusenvis av barn står no igjen med traume og tapt skulegang. Med dette nye programmet sørgjer Noreg for at meir enn 6 000 lærarar og skulepersonell får opplæring i å hjelpe barn å hanskast med vonde opplevingar og finne att gleda ved læring, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Målet er å skape trygge, inkluderande læringsmiljø og gi håp til ein ny generasjon.
– Å gi barn tilgang til trygg skulegang i land som er ramma av krise og konflikt er heilt avgjerande for å unngå at heile generasjonar går tapt. Skulen gir ein pause frå det som er vanskeleg og skaper ei kjensle av normalitet i ein elles ustabil kvardag. Ein trygg stad der dei kan lære, leike og vere saman med venner, er spesielt viktig for barn som har det vanskeleg. På lang sikt gir utdanning moglegheiter for ei betre framtid, både for barna og for samfunnet dei lever i, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Gjennom prosjektet jobbar UNICEF òg for å styrke undervisninga i den offentlege skulen, og for at barn skal kunne tileigne seg kunnskap gjennom leik. I tillegg skal UNICEF jobbe saman med dei libanesiske styresmaktene for å sikre at læreplanen, skulebøker og anna læringsmateriell er av høg kvalitet, og at barn som treng litt ekstra hjelp får tilpassa opplæring.
Eit anna mål er å sørgje for at alle barn skal kunne kjenne seg trygge og trivast på skulen. Arbeidet vil òg rettast mot barn som ikkje går på godkjende skular, for å sikre at dei finn vegen tilbake til det formelle utdanningssystemet.