Noreg tek over leiarrolle i FN sin nødhjelpsorganisasjon
Pressemelding | Dato: 12.06.2024 | Utanriksdepartementet
Frå i dag leier Noreg givargruppa til UN OCHA, FN sin organisasjon for koordinering av humanitær innsats. Noreg vil mellom anna fokusere på å sikre finansiering til dei stadig aukande humanitære behova, i tillegg til vern mot vald og overgrep og finne varige løysingar for internt fordrivne.
Det viktige vervet som leiar for OCHAs givargruppe skal Noreg ha i eitt år. Gruppa består av 30 land og gir råd til organisasjonen om prioriteringar, politikk, leiing og finansiering.
– Gapet mellom behov og tilgjengelege ressursar aukar. Vi må alle gjere meir for å redusere dei humanitære behova som skaper ufattelege menneskelege lidingar. At Noreg har fått denne tilliten i ei så krevjande tid, skal vi bruke til det beste for dei som treng det, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.
Som leiar, vil Noreg leggje vekt på OCHA sin rolle i å koordinere nødhjelp, forhandle humanitær tilgang og drive humanitært diplomati slik at flest mogleg får livreddande hjelp. Respekten for folkeretten og humanitærretten er under sterkt press. At reglane overhaldast er avgjerande for at humanitære aktørar kan gjere jobben sin.
– Noreg vil bruke den lange diplomatiske erfaringa si og tilliten mange har til oss, til å sikre betre humanitær tilgang til menneske i nød. Alt for mange stader blir folk nekta dei mest grunnleggjande rettane dei har i krig og konflikt, med enorme lidingar som resultat. Noreg skal bruke sin posisjon og nettverket sitt og gjere det vi kan for å sikre fleire menneske hjelp, seier Tvinnereim.
Som leiar av givargruppa vil Noreg òg jobbe for at sivile blir verna mot vald og overgrep i humanitære krisar og at det blir jobba for å finne meir varige løysingar for internt fordrive. I ei tid med aukande humanitære behov og pressa budsjett, er føreseieleg og stor finansiering av humanitær innsats avgjerande. Menneskerettar, kvinners rettar og likestilling, klima og miljø og antikorrupsjon vil liggje til grunn for arbeidet.
– Vervet som leiar av givargruppa er ei god moglegheit for Noreg til å jobbe effektivt for å nå måla vi har sett oss i den nye humanitære strategien som blei lansert i mai, avsluttar utviklingsministeren.