Noreg vertskap for uformelt nordisk statsministermøte

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Noreg har i 2022 formannskapen i Nordisk ministerråd og statsminister Jonas Gahr Støre er vertskap for sine nordiske statsministerkollegaer i eit uformelt nordisk statsministermøte i Oslo måndag 15. august.

Møtet finn stad på Munch-museet.

Dei nordiske statsministrane Magdalena Andersson, Mette Frederiksen, Sanna Marin, Katrín Jakobsdóttir og Jonas Gahr Støre skal mellom anna diskutere forsvar, hav og grøn omstilling.

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz sluttar seg til dei nordiske statsministrane i eit eige tysk-nordisk møte på ettermiddagen.

 

Utrag frå presseprogrammet

Kl. 14.45: Pressekonferanse med dei nordiske statsministrane. Stad: Munchmuseet.

Kl. 17.15: Pressekonferanse med forbundskanslar Olaf Scholz og dei nordiske statsministrane. Stad: Munchmuseet.

Kl. 19.00: Pressekonferanse med Olaf Scholz og Jonas Gahr Støre. Stad: Parkveien 45.

Detaljar om opplegget kjem seinare.

 

Alle pressekonferansane vil bli sendt direkte på www.regjeringen.no

Journalistar som ønskjer å dekkje møta må akkreditere seg innan torsdag 11. august kl. 15.00.

Pressekontakt for den norske statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 911 91 313, e-post the@smk.dep.no.