Noreg vertskap for uformelt nordisk statsministermøte
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Munchmuseet
Noreg har i 2022 formannskapen i Nordisk ministerråd, og statsminister Jonas Gahr Støre er vertskap for sine nordiske statsministerkollegaer i eit uformelt nordisk statsministermøte i Oslo måndag 15. august.
Møtet finn stad på Munch-museet.
Dei nordiske statsministrane Magdalena Andersson, Mette Frederiksen, Sanna Marin, Katrín Jakobsdóttir og Jonas Gahr Støre skal mellom anna diskutere forsvar, hav og grøn omstilling.
Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz sluttar seg til dei nordiske statsministrane i eit eiga tysk-nordisk møte på ettermiddagen.
Utrag frå presseprogrammet
Kl. 14.45: Pressekonferanse med dei nordiske statsministrane. Stad: Munchmuseet.
Kl. 17.15: Pressekonferanse med forbundskanslar Olaf Scholz og dei nordiske statsministrane. Stad: Munchmuseet.
Kl. 19.00: Pressekonferanse med forbundskanslar Olaf Scholz og statsminister Jonas Gahr Støre. Stad: Parkveien 45.
Detaljar om opplegget kjem seinare.
Alle pressekonferansane vil bli sendt direkte på www.regjeringa.no
Journalistar som ønskjer å dekkje møta må akkreditera seg innan torsdag 11. august kl. 15.00.
Pressekontakt for den norske statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.