Noreg vidarefører dei norske styrkane i Litauen
Pressemelding | Dato: 10.07.2023 | Statsministerens kontor, Forsvarsdepartementet
Regjeringa har no bestemt å vidareføre dei norske styrkanes sitt nærvær i Litauen ut 2024. Det norske bidraget består av eit kompani på inntil 150 personar. Noreg har sidan 2017 vore ein del av Natos forsterkingsstyrke Litauen, kalla Enhanced Forward Presence (eFP).
![Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkte norske soldater som tjenestegjør i Litauen. Her sammen med Senior National Representative (SNR) major Bård Thodesen.](/contentassets/5b245ad5826a41f1a9380660ea0da44a/rukla.jpg?preset=article&v=-942081781)
Både statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkte mandag dei norske styrkane i Litauen i forkant av Natos toppmøte i Vilnius.
– Eg er stolt over innsatsen til dei norske styrkane i Litauen. Å forlenge oppdraget medan det pågår krig i Europa, er ei avgjersle vi som regjering tek med stort alvor. Vi gjer det vel vitande om at oppgåva er viktig og at vi har mykje å bidra med. Ved å dele kunnskap og erfaringar, gjer dei både Forsvaret og Nato betre, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Natos bidrag i Litauen er totalt på om lag 1600 personar, og det vart forsterka i 2022.
– Dei baltiske landa er våre allierte. Vårt nærvær styrkar tryggleiken deira. Derfor har regjeringa no bestemt å vidareføre dei norske styrkane sitt nærvær i Litauen ut 2024, seier Støre.
![Statsminister Jonas Gahr Støre under besøket til Rukla leir i Litauen.](/contentassets/5b245ad5826a41f1a9380660ea0da44a/rukla-leir_besok.jpg?preset=article&v=1159845590)
– Dette er eitt av våre viktigaste militære bidrag til det internasjonale samfunnet akkurat no, og det er også vårt største styrkebidrag i utlandet. Eg er svært glad for at vi kan vidareføre dette ut 2024, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
eFP består av fire multinasjonale bataljonsstridsgrupper som held til i Latvia, Litauen, Estland og Polen. Det norske bidraget inngår i ei tyskleidd multinasjonal bataljonsstridsgruppe i Litauen. Dei held til i ein litauisk garnison i Rukla, omtrent ni mil utanfor hovudstaden Vilnius. Dei norske soldatane trener og øver saman med soldatar frå Tyskland, Belgia, Tsjekkia, Nederland og vertsnasjonen Litauen.
Les meir om bidraget hos: Litauen - Forsvaret