Noregs første år som medlem i verdsarvkomiteen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 25.06.2018
Verdsarvkomiteen møtest denne veka for mellom anna å ta stilling til 30 nye nominasjonar og gå gjennom forvaltinga av verdsarvområda. Noreg fekk plass i den prestisjetunge komiteen i fjor, og deltek saman med 20 andre land på den 42. sesjonen til komiteen i Manama i Bahrain.
–Dei litt over 1000 verdsarvområda er det viktigaste verda har å by på av natur og kulturminne. Områda betyr mykje for folks stoltheit og identitet. Noreg tek på seg ei stor og ansvarsfull oppgåve som medlem av komiteen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.
Verdsarvkonvensjonen er ein av dei store miljøkonvensjonane som sikrar både kultur- og naturarv. Verdsarvkomiteen forvaltar områda som står på verdsarvlista.
Fleire av verdsarvområda er truga av utbygging, masseturisme og råvareutnytting. Nokre område vert medvite øydelagt i krig og konflikt, som gamlebyen i Damaskus og dei andre verdsarvområda i Syria. Det same gjeld for dei store nasjonalparkane i Den demokratiske republikken Kongo, der forvaltinga er truga på grunn av interne konfliktar.
–Å ta vare på dei uerstattelege verdiane krev særleg merksemd. Noreg representerer faglegheit og profesjonalitet. Eg ynskjer lukke til i arbeidet, seier Elvestuen.
Noregs delegasjon er leidd av riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør i Miljødirektoratet Berit Lein, og består av representantar for Klima- og miljødepartementet, Riksantikvaren, Miljødirektoratet og Noregs delegasjon til UNESCO. Sesjonen varar frå 24. juni til 4. juli.
Verdsarvlista består no av 1073 område. 832 av desse er kulturminne, 206 er naturområde og 35 har både kultur- og naturverdiar. 54 område er oppført på farelista, det vil seie område under press som står i fare for å miste verdsarvverdiane sine.
Årets komitémøte skal handsame 30 nye nominasjonar. Mellom dei er Danmarks "Aasivissuit – Nipisat. Inuittiske jaktmarker mellom is og hav". Noreg har til saman åtte verdsarvområde, mellom anna bergstaden Røros, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap.
Som medlem av komiteen vil Noreg spesielt arbeide for å sikre verdsarvens særskilde og universelle verdiar, få ei meir heilskapleg forvalting av kultur- og naturarven og styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta betre vare på verdsarven. Noreg vil òg arbeide for å gjere verdsarvlista meir representativ og gjere landa betre i stand til å handle når verdsarv vert truga av krig, konflikt og naturkatastrofar.
Noreg er medlem av komiteen for perioden 2017-2021 . Dei andre medlemslanda er Angola, Australia, Aserbajdsjan, Bahrain, Bosnia-Hercegovina, Brasil, Burkina Faso, Kina, Cuba, Guatemala, Ungarn, Indonesia, Kuwait, Kirgisistan, Saint Kitts and Nevis, Spania, Tunisia, Uganda, Tanzania og Zimbabwe.
Det er tredje gong i verdsarvkonvensjonens historie at Noreg er medlem av komiteen.