Norsk delegasjon på FN-konferanse om menneske råka av terrorisme
Nyheit | Dato: 08.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet deltek med ein offisiell delegasjon på FN-konferansen om menneske råka av terrorisme, arrangert av FN sitt kontor for kamp mot terrorisme og den spanske regjeringa i Vitoria-Gasteiz, Spania, 8.-9. oktober. Delegasjonen vert leia av politisk rådgjevar Helge Flø Kvamsås, og inkluderer leiarane for Den Nasjonale Støttegruppa etter 22. juli og Støttegruppa 25. juni.
– Noreg har opplevd fleire terroråtak, og har gjennom det gjort oss dyrekjøpte erfaringar som gjer dette til eit viktig forum for oss å delta i. Denne konferansen kan også gje gode bidrag til arbeidet med stortingsmeldinga om ekstremisme som vi legg fram til våren, og som er ei oppfølging av Ekstremismekommisjonen sin rapport, seier politisk rådgjevar Helge Flø Kvamsås i Kultur- og likestillingsdepartementet.
- Støttegrupper gjer ein uvurderleg innsats for dei som vert råka av terror. Difor er leiarane for støttegruppene etter 22. juli og 25. juni med i den offisielle norske delegasjonen, held Kvamsås fram.
Konferansen “United Nations International Conference on Victims of Terrorism: Education as a Tool for Prevention, Peacebuilding and Empowerment of Victims of Terrorism” samlar forskarar, politikarar og personar som er direkte råka av terror frå heile verda, og vil gi viktig kunnskap i arbeidet med å førebyggje ekstremisme og terror framover.
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa 15 millionar kroner til å førebyggje ekstremisme, mellom anna ved å auke tilskotet til ordninga «Tilskot til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar» med to millionar kroner og tilskotet til «Stopp Hatprat» med ein million kroner. I tillegg foreslår regjeringa 3,5 millionar kroner til Støttegruppa 25. juni for å støtte deira viktige arbeid. Ei av tilrådingane frå Ekstremismekommisjonen handlar om å styrkje arbeidet for demokrati, medborgarskap og minnearbeid. Dette inkluderer å bidra til ein kontinuerleg samtale om kva ekstremisme kan vere og føre til. Dei som har blitt råka av terror og ekstremisme spelar ei heilt sentral rolle i desse samtalane.