Norsk internasjonalt initiativ skal hindre spreiinga av framande marine artar
Nyheit | Dato: 23.01.2025 | Klima- og miljødepartementet
Skip seglar over heile verda, og med desse følgjer framande marine artar som har festa seg på skipet. Dette er ein trussel mot miljøet i havet. Noreg tek no eit internasjonalt initiativ i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å få på plass eit globalt bindande krav som hindrar spreiing av framande artar.
– Spreiing av framande artar er ein trussel mot miljøet i havet. Difor er det viktig å setje krav for skipsfarten og sørgje for at dei seglar med reine skrog. Dette er mogleg med effektiv og miljøvennleg skrogvasking. Då hindrar vi at artane spreier seg, samtidig som at vi reduserer klimagassutslepp ettersom skipa bruker mindre drivstoff når skroga er glatte, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Begroing av skipsskrog fører til at framande artar av algar, blautdyr og skjel spreier seg. I Noreg er hamnespy eit døme på ein art som mest sannsynleg har komme med skip.
Då Naturavtalen vart inngått i desember 2022, vart alle land samde om eit mål om å redusere spreiinga av framande artar.
Noreg har no sendt inn eit konkret forslag til IMO, og har fått med Canada, Fiji, Finland, Frankrike, Mexico, Peru og Sør-Korea som medforslagsstillarar.
I påvente av internasjonale krav har Klima- og miljødepartementet også gitt Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å utarbeide nasjonale reglar om begroing på skipsskrog.
Gode moglegheiter for Noregs maritime industri
Norsk maritim industri har utvikla teknologiar for effektiv og miljøvennleg skrogvasking, og kan levera gode løysingar utan at framande artar blir sleppte ut i havet. Dette er derfor også ei sak der Noreg har høve til å skapa ein lønnsam grøn maritim industri.
– Som ein stor havnasjon er det vår plikt å ta vare på havmiljøet. Samtidig vil eit slikt krav vere svært positivt for norsk maritim næring. Eg har stor tru på at vi får gjennomslag for forslaget vårt. Dersom vi lykkast, vil Noreg vere ein pådrivar i dei kommande forhandlingane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Noregs initiativ skal behandlast av IMOs miljøkomité frå 7.-11. april i år.