Norsk støtte til jordskjelvoffera i Marokko

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Noreg bidreg med 10 millionar kroner til livreddande innsats i dei verst ramma områda etter jordskjelvet i Marokko. Pengane går gjennom Røde Kors og Røde Halvmåne, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Bilde av gravemaskin og redningsarbeidere som jobber i ruiner
Marokkos Røde Halvmåne bistår med søk og redning etter jordskjelvet. Foto: Marokkos Røde Halvmåne

Den norske støtta kjem i tillegg til støtta marokkansk Røde Halvmåne allereie har fått gjennom nødhjelpsfonda til Røde Kors-rørsla (DREF).

– Den norske støtta går til Røde Kors-føderasjonen (IFRC), og deira arbeid i Marokko for å sikre mat, medisinar og tak over hovudet for dei som er ramma etter jordskjelvet, seier Tvinnereim. 

Det er marokkanske styresmakter som koordinerer hjelpearbeidet etter jordskjelvet. Så langt har det ikkje komme direkte oppmoding frå marokkanske styresmakter om hjelp frå Noreg, heller ikkje gjennom EU eller FN. 

Klare til å bidra ytterlegare

– Noreg er klare til å bidra ytterlegare med rask respons dersom Marokko ber om det. Den norske ambassaden i Marokko er i kontakt med lokale styresmakter for å få best mogleg oversikt over situasjonen i dei ramma områda, seier Tvinnereim. 

Den norske støtta vil bidra til humanitær innsats og tidleg gjenoppbygging gjennom Røde Kors-rørsla og marokkansk Røde Halvmåne. Dei samarbeider tett med lokale styresmakter og FN. 

– Kvart år gir Noreg 50 millionar kroner til nødhjelpsfonden til den internasjonale Røde Kors-rørsla (DREF). Desse pengane blir gjorde tilgjengelege omgåande ved katastrofar som dette jordskjelvet. Marokkansk Røde Halvmåne får  allereie støtte frå fondet til nødhjelpsarbeidet sitt, seier Tvinnereim.

Store behov i Libya

Libya har også vorte ramma dei siste dagane av ein alvorleg naturkatastrofe. Stormen Daniel utløyste ein storflaum nordaust i landet. 

– Det er krevjande å få oversikt over situasjonen, men Noreg står førebudd til å bidra til menneska som er ramma. Vi vurderer laupande korleis Noreg kan bidra best mogleg og held tett kontakt med dei humanitære partnarane våre som er i landet, seier Tvinnereim.