Noreg og Danmark samarbeider om ny donasjon til Ukraina
Nyhet | Dato: 15.06.2023 | Forsvarsdepartementet
Noreg og Danmark går saman om å donera 9000 artillerigranatar til Ukraina. Noreg donerer sjølve granaten, medan Danmark donerer tilhøyrande brannrøyr, krutposar og tennpatroner.
Dei to landa gjorde eit tilsvarande samarbeid tidlegare i år.
Noreg donerer i tillegg 7 000 komplette granatar frå Noreg. Desse er sende til Ukraina.
- Ukraina har eit omfattande behov for artilleriammunisjon. Det er prekært, og det hastar. Vi har derfor bestemt oss for å gå saman med Danmark om ein ny donasjon, slik at Ukraina får ammunisjonen så raskt som mogleg, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
- Det er viktig at vi framleis står saman i støtta til Ukraina. Noreg vil halda fram med å støtta Ukraina mot dei russiske invasjonsstyrkane så lenge det trengst, seier Gram.
Tidlegare har Noreg donert 20 000 artillerigranatar. Med donasjonane som no blir offentleggjorde, har Noreg donert til saman 27 000 artillerigranatar åleine, og 17 000 saman med Danmark.
- Ukrainarane har framleis eit stort og akutt behov for ammunisjon til kampen mot Russland. Det er Danmark saman med andre EU- og NATO-land i full gang med å komme i møte med ei rekkje ulike tiltak. Saman med Noreg kan vi no senda fleire enn 9.000 komplette artilleriskot innan kort tid, seier fungerande dansk forsvarsminister Troels Lund Poulsen. I tillegg vil Danmark sjølv donera ytterlegare 1.500 komplette artilleriskot og 500 granatar.
Artillerigranatane kan brukast i fleire typar artilleriskyts, mellom anna i M109 som Noreg har donert tidlegare.
Ammunisjonen vil bli gjenskaffa. Konsekvensane for den nasjonale beredskapen vår er vurdert som akseptabel.