NTP 2025-2036: Fortset satsinga på klimavennlege og attraktive byar
Pressemelding | Nr: 29/2024 | Dato: 22.03.2024 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa legg fram ei sterk og langsiktig satsing for byområda i ny Nasjonal transportplan og prioriterer 88 milliardar kroner over dei neste 12 åra. Dei eksisterande byvekstavtalane skal bli forlenga, og på sikt er det aktuelt å inngå to nye avtalar. Tilskot til fem mindre byar blir forlenga over heile perioden.
– Dei fleste av innbyggjarane i Noreg bur i byar, og framover ventar vi at dette talet vil auke. Det er viktig for regjeringa å leggje til rette for attraktive byar der det er godt å bu og arbeide. Effektiv arealbruk og klima- og miljøvenleg transport er heilt sentralt for å få dette til. Byvekstavtalane vil framleis vere regjeringas viktigaste verkemiddel for å utvikle byar med god mobilitet og framkomme, og med mindre lokal forureining, støy og klimagassutslepp, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Det vil være rom for å reforhandle og forlenge inngåtte byvekstavtalar til 2036. Dette vil gjere avtalane meir føreseielege, og det vil bli meir fleksibel bruk av pengane ved at fleire av tilskota blir slått saman. Dette er etterspurt av lokale myndigheiter.
Tilskota til dei store kollektivprosjekta som er under bygging, vil bli avslutta etter kvart som prosjekta opnar, men det er rom for å forlenge dei andre statlege tilskota og pengane til mindre investeringar langs riksveier på same nivå som i gjeldande avtaler. Det vert også sett av pengar til Bybanen til Åsane i Bergen. Samla sett skaper dette grunnlaget for ein vidare sterk satsing i dei fire største byområda gjennom heile planperioden.
– Vi har eit felles mål om nullvekst i persontransport med bil i byane. Regjeringa vil halde fram med satsinga på kollektivtransport, sykkel og gonge. Samtidig vil eit redusert økonomisk handlingsrom kunne få innverking på kva for tiltak som er mest aktuelle. Ressursbruken må i større grad rettast mot å ta vare på og utnytte eksisterande infrastruktur. Restriktive tiltak mot biltrafikk og meir fortetting rundt knutepunkta er lokale verkemiddel som blir enda viktigare for å nå nullvekstmålet framover, forklarer samferdselsministeren.
Forlenge, fornye, forenkle
Regjeringa har i dag byvekstavtalar med dei fire største byområda og Tromsø. Forhandlingar med Kristiansandsregionen og Nedre Glomma starta no i mars. Utover i planperioden vil det også vere aktuelt å invitere Buskerudbyen og Grenland til forhandlingar om byvekstavtalar. Desse byane har i dag belønningsavtalar, og regjeringa legg inntil vidare opp til at desse skal vidareførast.
For å styrke arbeidet med byvekstavtalane vil regjeringa forenkle den kompliserte tilskotsstrukturen i avtalane, og på den måte gje auka lokalt spelerom i prioriteringane framover. Auka handlingsrom inneber også eit større ansvar for byane til sjølv å nå nullvekstmålet for persontransport med bil i byane.
– Regjeringa vil også vidareføre tilskotsordninga for klima- og miljøvennlege byutvikling i fem byområde som ikkje er ein del av ordninga med byvekstavtaler: Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyane Tønsberg, Sandefjord og Larvik. Denne ordninga var i første runde avgrensa til fire år, men regjeringa ønsker å vidareføre tilskotet i planperioden med 50 millionar kroner årleg i gjennomsnitt, seier Nygård.
Forsterka verkemiddelbruk og handlefriheit i byane
– Vi får ein kraftig vekst i persontransport med bil i dei største byane fram mot 2030 dersom vi ikkje handlar. Erfaringar frå byvekstavtalane gir eit godt grunnlag for å vurdere kva verkemiddel og tiltak som har god effekt for å nå nullvekstmålet. I innspela til ny Nasjonal transportplan har det vore brei semje om at byvekstavtalesamarbeidet må halde fram, seier Nygård.
For dei fire største byområda går gjeldande avtalar fram til 2029.
Jernbanen er også ein sentral del av kollektivsatsinga i dei store byområda, særleg i Oslo.
For fleire opplysningar – sjå: