Ny ekomforskrift

Målet med den nye ekomforskrifta er å bidra til trygge, sikre og innovative mobil- og breibandstenester.

Regjeringa har i dag fastsett nye og skjerpa reglar om identifisering når ein person eller eit føretak skal opprette eit telefonabonnement. Målet er å redusere misbruk av andre sin identitet ved oppretting av slike abonnement. Dette er nokre av dei mange bestemmelsane i den nye forskrifta som utfyller ekomlova. Både lov og forskrift trer i kraft 1. januar 2025.

– No gjer vi det sikrare og tryggare, for både privatpersonar og bedrifter. Den nye lova styrkjer tryggleiken i digital infrastruktur og ekomtenester, og forbrukarane sine rettar. Sammen med den nye forskrifta får vi no eit solid fundament for å sikre, trygge og bygge samfunnet vårt vidare i ei stadig meir digitalisert verd, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Ekomforskrifta utfyller ekomlova sine bestemmelsar om blant anna forsvarleg tryggleik og beredskap, krav om eintydig identifisering, kommunikasjonsvern, geografisk lokalisering av naudanrop og sluttbrukarrettar.

Forskrifta utdjupar ekomlova med:

  • Konkrete krav som må vere oppfylt for å ivareta forsvarleg tryggleik. Tryggleikskrava gjeld blant anna nasjonal autonomi og tryggleiksrevisjon, tryggleiksstyring, risiko- og sårbarheitsanalyser, beredskapsplanlegging og øvingar.
  • Skjerpa krav til eintydig identifisering både når sluttbrukar er ein fysisk person og når sluttbrukar er eit føretak. For fysiske personar er det krav om framlegging av eit originalt og gyldig identitetsbevis, for eksempel pass eller norsk førarkort, eller bruk av elektronisk ID på eit visst tryggleiksnivå, for eksempel BankID.
  • Ein bestemmelse om at tilbydar skal registrere fødselsdato for den faktiske brukaren av ein mobiltelefon, for eksempel når foreldre er abonnent for ein mindreårig brukar.
  • Reglar om kommunikasjonsvern, blant anna med krav til tilbydar si behandling av trafikkdata og lokaliseringsdata.
  • Utdjuping av innhaldet i prissamanlikningstenester for telefon og internett.

Oversikt over andre bestemmelsar:

  • Det blir fastsett konkrete hastigheitskrav for leveringspliktig breibandsteneste og kriterium for leveringsplikt til «sesongbasert næringsverksemd».
  • Bestemmelse om prøvedrift som går ut på at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) kan fastsette tidsavgrensa unntak frå bestemmelsar i forskrifta og fastsette nærare vilkår, slik at nye tenester skal kunne utviklast og prøvast ut.
  • Reglane om fellesfakturerte tenester blir utvida til å omfatte varer og tenester som blir fakturert saman med elektroniske kommunikasjonstenester, for eksempel over mobilabonnementet. I gjeldande rett omfattar dette berre kjøp av tenester som blir brukt på telefonen.
  • Alle som tilbyr telefon- og internett-tilgangstenester skal ha likeverdige tenester for sluttbrukarar med nedsett funksjonsevne.

Forskrifta inneheld også enkelte utfyllande reglar om geografisk lokalisering av naudanrop, maksimalpris for terminering av abonnement, krav til tilbydar av tilgangskontrolltenester, søknadsprosessar for særskilt løyve til bruk av frekvensar, utforming av småcellebasestasjonar, informasjon til nummeropplysningstenester, bruk av private elektroniske kommunikasjonsnett, nettnøytralitet og internasjonal gjesting med meir.