Ny evalueringsrapport – Evaluering av lokaldemokratitiltak i føregangskommunar

Ein ny rapport omtalar eit forsøk i sju kommunar som visar korleis innbyggjarar kan medverka meir når kommunar skal ta avgjerder.

I juni 2022 starta utviklingsprosjektet "Lokaldemokratiet i føregangskommunar". Føremålet har vore å styrkje innbyggjarmedverknaden mellom val, både gjennom å prøve ut nye medverknadsformer og styrkje og utvikle eksisterande. Innbyggjarmedverknad er tiltak som hentar inn synspunkt frå innbyggjarar eller grupper av innbyggjarar. Slik gir dei folk, lokale lag og organisasjonar høve til å medverke i politiske spørsmål i lokalsamfunna sine mellom val.

Dei sju kommunane som blei utvalde på bakgrunn av søknader er: Bergen kommune, Bodø kommune, Gjøvik kommune, Lørenskog kommune, Suldal kommune, Sunnfjord kommune og Vadsø kommune.

Evalueringsoppdraget

Departementet ga evalueringsoppdraget til Norwegian Research Centre (NORCE) i samarbeid med Institutt for samfunnsforskning (ISF). Forskar ved NORCE og professor II ved Universitetet i Bergen, Sveinung Arnesen, har vore prosjektleiar.

Evalueringa har kartlagt innbyggjartiltaka i dei sju føregangskommunane og systematisert erfaringar særleg med omsyn til to aspekt: a) rekruttering og representativitet i ulike former for medverknad i kommunar, og b) korleis innspel frå innbyggjarar blir synleggjort og lytta til i politiske avgjerdsprosessar. Føremålet med evalueringa har vore å skaffe fram kunnskap om korleis ulike tiltak for mellomvaldeltaking styrkjer lokaldemokratiet i ulike typar kommunar – kommunar som er forskjellige med omsyn til storleik, avstandar, demografi, etc. Både små, middels og store kommunar er representert blant dei kommunane som vart utvalde som føregangskommunar.

I evalueringsrapporten blir det framheva at gjennom slikt borgarnært styre som medverknadstiltak er, kan interessa og engasjementet til innbyggjarar for lokalpolitiske spørsmål bli stimulert og legitimiteten til dei lokalpolitiske institusjonane bli styrkt. Innbyggjarane sjølv veit best kvar skoen trykkjer, og kan gi viktige innspel til folkevalde. Innbyggjarmedverknad kan supplere det representative demokratiet, og med det styrkje demokratiet. Føresetnaden er at innspela frå innbyggjarar blir kanaliserte inn i det representative systemet på ein god og føreseieleg måte. Det er også viktig at innbyggjarar som blir rekrutterte til å delta, er representative for målgruppa – eller for alle innbyggjarane i kommunen.

I sluttordet til rapporten skriv forskarane: «Dei sju kommunane har med sine ulike utgangspunkt gått føre og vist korleis dei tenkjer og løyser medverknad i praksis. Erfaringane deira – positive så vel som negative – tener som gode døme for andre norske kommunar som ønskjer å styrkje sitt lokaldemokrati.»