Ny fabrikk skal auke norsk ammunisjonsproduksjon
Nyheit | Dato: 02.12.2024 | Forsvarsdepartementet
- Skipinga av den nye Nammo-fabrikken er ein milepæl for norsk forsvarsindustri. Dette vil gira opp produksjonen av artilleriammunisjon og rakettmotorar, som er heilt avgjerande for Noreg, NATO og Ukraina, seier statssekretær Hans Christian Kjølseth (Sp) i Forsvarsdepartementet.
Regjeringa har inngått ein avtale med Nammo til ein verdi av 1,083 milliardar kroner for å halda oppe auka produksjonsberedskap over dei neste 15 åra. Avtalen inneber mellom anna at Nammo skal starte eit nytt produksjonsanlegg for å auka produksjonen av ammunisjon. Måndag vart byggestarten for det nye anlegget markert på Raufoss.
- Krigen i Ukraina har skapt eit stort behov for artilleriammunisjon. Dagens produksjonskapasitet er ikkje nok for å dekke behovet, og regjeringa har sett i verk tiltak som legg til rette for ei mangedobling av kapasiteten, seier Kjølseth.
Regjeringa har tatt fleire grep for å auke produksjonskapasiteten i forsvarsindustrien, både her heime og i Ukraina. Gjennom medfinansiering i EUs ASAP-program har vi fått på plass 3 milliardar kroner som skal brukast på å auke produksjonskapasiteten i norsk forsvarsindustri.
I tillegg har regjeringa lagt fram eit eiga vegkart for å fremje auka produksjonskapasitet i forsvarsindustrien. (Lenke) Regjeringen øremerker 967 millioner for å styrke norsk forsvarsindustri - regjeringen.no
Regjeringa har og medverka til auka produksjonskapasitet ved å inngå langsiktige kontraktar med Kongsberg Defence and Aerospace og Nammo AS - den største i Nammos historie. Det kjem også lokalsamfunna til gode.
-Satsinga på forsvarsindustrien gir mange nye arbeidsplassar, og store lokale ringverknader, seier Kjølseth.
Noreg vil og gi ein halv milliard kroner til ukrainsk forsvarsindustri. Danmark har, saman med Ukraina, etablert ein modell for finansiering av ukrainske prosjekt, som gjer at norske midlar raskt får effekt på bakken i Ukraina. (Lenke) Norge gir en halv milliard kroner til ukrainsk forsvarsindustri - regjeringen.no