Ny ferjekontrakt for E39 Lavik–Oppedal legg til rette for autonome ferjer
Pressemelding | Nr: 82/22 | Dato: 07.06.2022 | Samferdselsdepartementet, Statsministerens kontor
– Ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal i Vestland fikk verdas første elektriske ferje i 2015. No ønsker vi å legge til rette for at sambandet skal få autonome ferjer. Derfor lyser vi ut ein utviklingskontrakt som skal sjå nærare på digitalisering og autonomi. Her kan Noreg ta plass i førersete for utviklinga av noko som kjem til å bli kvardagen i framtida, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I den nye kontrakten vil det òg vere krav om at alle ferjene skal vere heilelektriske. I tillegg til at det blir fire ferjer på sambandet, mot tre i dag.
– Vi skal kutte norske utslepp med 55 prosent innan 2030. Da er vi avhengig å få med heile laget – og heile landet. Vi har hatt suksess med elbilpolitikken, men eg meiner vi ikkje er i hamn så lenge fjordane har dieselferjer fulle av elbilar. Staten skal stille opp, men vi skal òg stille krav der vi kan kutte utslepp, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Etter at verdas første elektriske ferje, MF Ampere, ble satt i drift i 2015, er det i dag 80 elektriske ferjer i Noreg.
Noreg utviklar maritim sektor
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for driftinga av ferjene på riksvegane i Noreg. Dei siste åra har etaten henta inn meir kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til digitalisering og automatisering av ferjene generelt, og sambandet E39 Lavik–Oppedal spesielt.
– Å gå foran i utvikling betyr endring. Det har vi gjort i Noreg mange ganger, spesielt innanfor maritim teknologi. Eg forstår at folk er uroa for arbeidsplassen sin, men dersom vi kan utvikle teknologien sjølv, kan det skape nye arbeidsplassar. Som eit ferjeland, er det naturleg at vi ser dit først, seier Nygård.
Norske verft har vore sentrale i utbygginga av null- og lågutsleppsferjer. Sidan 2010 har delen av slike ferjer som er bygd ved norske verft vore høgare enn verdsflåta sett under eitt.
– Norske verft held ein sterk internasjonal posisjon innan bygging av offshorefartøy, ferjer og snøggbåtar. Skipsfart og maritim sektor har vore viktig for Noreg og norsk økonomi. Derfor kjem næringa til å spele ei viktig rolle når Noreg skal ta i bruk enda fleire lågutsleppsferjer. Det gjer at vi har eit stort potensiale for verdiskaping og nye arbeidsplassar i norsk maritim sektor, seier Støre.
Statens vegvesen vil følgje opp utlysinga som skal gjelde etter at dagens kontrakt går ut i 2024.