Ny finansråd
Pressemelding | Nr: 16/2023 | Dato: 31.03.2023 | Finansdepartementet
Lars-Henrik Myrmel-Johansen (49) er i statsråd i dag utnemnd som finansråd i Finansdepartementet.
Myrmel-Johansen kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor, der han har leia innanriksavdelinga sidan 2016. Han har brei erfaring frå statsforvaltinga og har mellom anna vore avdelingsdirektør i Finansdepartementet, ekspedisjonssjef i Fornyings- og administrasjonsdepartementet og interimsdirektør for Difi (Direktoratet for forvalting og IKT).
Han har ein doktorgrad frå London School of Economics. Før han starta i forvaltinga var han forskar ved SNF ved Noregs handelshøgskule og bedriftsrådgjevar i McKinsey & Co.
– Myrmel-Johansen har brei bakgrunn og solid erfaring frå offentleg forvaltning. Denne bakgrunnen saman med hans personlege eigenskaper gjer han godt egna for stillinga, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
Noverande finansråd Hans Henrik Scheel går av 1. august 2023. Myrmel-Johansen tiltrer stillinga på det tidspunkt departementet bestemmer.
– Eg ser fram til å jobbe saman med alle dei særs dyktige og hyggelege tilsette i Finansdepartementet. Saman skal vi gje våre beste faglege råd til politisk leiing i departementet, slik at dei har eit godt grunnlag for å utvikle den økonomiske politikken i Noreg, seier Lars-Henrik Myrmel-Johansen.