Høyring av ny forskrift som tydeleggjer ansvarsdelinga mellom barnevernstenesta og fosterforeldre

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Ny forskrift om fosterheim blir no sendt på høyring. Forskrifta skal bidra til å gjere regelverket for fosterheim klarare og meir pedagogisk framstilt for barnevernstenesta og fosterforeldre, og på den måten gjere det meir tilgjengeleg og til eit nyttig verktøy i arbeidskvardagen.

– Både barnevernstenesta og fosterforeldre har ansvar for at barn i fosterheim får eit trygt og godt heim med forsvarleg omsorg. Forskrifta tydeleggjer barnevernet sitt ansvar for å følgje opp barn og fosterfamiliar på ein god måte, og er viktig for barnevernet sitt arbeid framover. I tillegg presiserer forskrifta kva slags ansvar og plikter fosterforeldre har, blant anna når det gjeld å utøve omsorg, gi informasjon og vareta teieplikta, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Kontaktperson for barn i barnevernet

I forskrifta blir det òg føreslått at barn som bur i fosterheim skal ha sin eigen kontaktperson i barnevernet. Kontaktpersonen skal arbeide aktivt for å etablere og halde opp ein god relasjon til barnet.

– At barn som bur i fosterheim får ein kontaktperson er fyrst og fremst viktig for at barnet sjølv skal føle seg trygg og varetatt, og ha ein fast person å forhalde seg til. Samstundes er det òg viktig for at barnevernet skal kunne følgje opp barnet på ein god måte, og vareta oppfølgings- og omsorgsansvaret dei har når eit barn ikkje kan bu heime, seier Toppe.

I høyringsnotatet blir det òg føreslått:  

  • Innføring av ei momentliste som skal vere til hjelp i vurderinga av om fosterforeldre er eigna som fosterheim til eit bestemt barn.
  • Presisering av barnevernstenesta sitt ansvar for å gi informasjon til fosterforeldra, barnet og andre som skal bidra til å gi barnet god omsorg.
  • Krav om at det vert utarbeida ein plan for oppfølging av fosterfamilien.
  • Eit eige kapittel om fosterforeldra sitt ansvar, medrekna utøving av omsorg, plikt til å gi informasjon til relevante instansar og ivaretaking av teieplikt.

Ny forskrift er ein revisjon av gjeldande forskrift, i samsvar med lovendringane i ny barnevernslov, som etter planen trer i kraft 1. januar 2023.

Høyringsfristen er 18. februar 2023.

Les høyringa