Ny FOU-rapport om utfordringane i bustadmarknaden

– Pris- og renteaukinga rammar på ulike måtar, uansett kor ein bur i landet. Derfor er det behov for ein aktiv bustadpolitikk for å møte utfordringane både i bygd og by. Folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Aukinga i konsumprisar, renter og byggekostnader gir utfordringar for mange i bustadmarknaden. Husstandar med låg inntekt blir ekstra hardt ramma, ifølge ein ny rapport Samfunnsøkonomisk analyse AS (SØA) har gjort for Husbanken(PDF).

– Rapporten gjev nyttig kunnskap, og er med på å underbygge eit bilete som allereie er kjent og som har utvikla seg over tid. Derfor prioriterte også Senterpartiet og Arbeiderpartiet då vi kom i regjering umiddelbart å styrke bustadpolitikken, auka låneramma til Husbanken og iverksette ei rekke bustadpolitiske initiativ, seier Gjelsvik (Sp).

Rapporten frå SØA syner mellom anna at:

  1. auka byggekostnadar og usikkerheit om framtidige bustadprisar er hovudforklaringane på det sterke fallet i bustadbygginga som vi opplever i dag.
  2. husstandar med låg inntekt og sårbar økonomi blir ekstra hardt ramma. Auka levekostnadar som følgje av auka prisvekst, gjer at det blir meir krevjande å komme inn på bustadmarknaden
  3. auka byggekostnader gjer det meir krevjande for kommunar å auke tilbodet av kommunale bustader, sjølv om behovet kan vere stort som følgje av mellom anna flyktningstraumen frå Ukraina.

– Regjeringa følgjer utviklinga nøye, og iverksett stadig nye tiltak. I årets reviderte nasjonalbudsjett styrka vi utleigetilskotet til istandsetting, bygging og kjøp av utleigebustadar i kommunane med 400 millionar. Det vil auke tilbodet av utleigebustadar i kommunane. Vi vidareførte òg midlertidige satsar for bustøtta til å gjelde ut året. Det gjer at fleire får bustøtte og at mange får meir i bustøtte, seier Gjelsvik.

I tillegg vil regjeringa mellom anna:

  1. gjere det mogleg for fleire å eige sin eigen bustad, mellom anna ved å stimulere til fleire løysingar som gir førstegongsetablerarar ein enklare veg inn på bustadmarknaden.
  2. bidra til ein meir velfungerande leigemarknad og sikre rettighetane til leigetakarar på ein betre måte.
  3. vurdere lovendringar for å leggje til rette for fleire bustader med bustadkjøpsmodellar.
  4. foreslå å gi kommunane fleire verktøy i plan- og bygningslova for å leggje til rette for ein variert bustadsamansetning i ulike område.