Ny komité for Den internasjonale Ibsenprisen
Pressemelding | Nr: 20/23 | Dato: 28.04.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Henrik Ibsen er vår mest kjende forfattar og mest spelte dramatikar, og Den internasjonale Ibsenprisen er den største teaterprisen i verda - nokon omtaler han som «nobelprisen i teater». Komiteen som no blir utnemnd er kompetent og breitt samansett, og eg ser fram til å sjå resultatet av arbeidet ved neste utdeling, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Den internasjonale Ibsenprisen skal honorera ein person, institusjon eller organisasjon som har tilført verdsdramatikken eller teateret nye kunstnariske dimensjonar.
Kultur- og likestillingsministeren har utnemnt ny komité for Den internasjonale Ibsenprisen – The International Ibsen Award – for perioden 2023–2026.
Oppgåva til komiteen er å dela ut prisen, som er på 2,5 millionar kroner og blir delt ut annakvart år. Den neste utdelinga vil gå føre seg i 2024.
Den nye komiteen består av:
- Ingrid Lorentzen, komitéleiar, Den internasjonale Ibsenprisen. Ballettsjef, Den Norske Opera og Ballett.
- Hilkka-Liisa Iivanainen, teatersjef ved Tammerfors Theatre, kunstnarisk leiar og kurator for internasjonalt program ved Tammerfors Theatre Festival.
- Maria Delgado, akademikar, kurator og kritikar. Professor og researchdirektør ved The Royal Central School of Speech and Drama, University of London.
- Roman Dolzhanskiy, teaterkritikar, dramaturg og kurator.
- Kristian Seltun, teatersjef ved Nationaltheatret, kunstnarisk leiar for Den internasjonale Ibsenfestivalen.
- Kee Hong Low, kunstnarisk leiar for Manchester International Festival og The Factory.
- Lars Petter Hagen, direktør for Festspillene i Bergen.
Tidlegare vinnarar av prisen er:
- Peter Brook, 2008
- Ariane Mnouchkine, 2009
- Jon Fosse, 2010
- Heiner Goebbels, 2012
- Peter Handke, 2014
- Forced Entertainment, 2016
- Christoph Marthaler, 2018
- Taylor Mac, 2020
- Back to Back Theatre, 2022